Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for oktober, 2020

Vi fann 77 artiklar i dette arkivet.


Historielaget melder: Årsskrift nr 19, 2020, er sendt til trykking

Dordi Jorunn Halle Sundag 25. oktober 2020

Har du betalt medlemskontingenten for 2020?

Todalen historielag fortel at årsskriftet for 2020 for lengst er sendt i trykken, og at det blir bokslepp i Ungdomshuset søndag 15. november. For medlemmer i historielaget er eitt årsskrift inkludert i medlemskapen.


Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 25. oktober 2020

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur 26. oktober i Toåa tursti. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Natt til søndag stiller vi klokka

Jon Olav Ørsal Fredag 23. oktober 2020

Natt til søndag 25. oktober stiller vi klokka éin time tilbake og går frå sommartid til normaltid. Kl. 02 natt til søndag stiller vi klokka ein time attende.  Er du i tvil om korleis du skal stille om til sommar- eller vintertid, så er regelen at du alltid stiller klokka mot sommaren.


Inviterer til kaffelag på Frivilligsentralen

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. oktober 2020

Med nyopna Frivilligsentral, ønskjer Surnadal pensjonistlag å invitere sine medlemar og andre til kaffelag på Frivilligsentralen på Skei.  Leiar i pensjonistlaget, Helge Røv, fortel at han har bestillt lokala kvar fredag frå kl 11:00 til kl 15:00 til.  Førtkomande fredag – 23. oktober – startar vi først kl 13, men seinar blir det altså kvar fredag frå kl 11 – og det skjer altså i Fiskebygget på Skei, der det for mange år sia var klebutikk – Centrum klær. 


Styra i Surnadal Sparebank og SpareBank1 Nordvest har vedteke avtale om samanslåing

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 20. oktober 2020

(Surnadal/Kristiansund 20.oktober 2020) Det er to tradisjonsrike og sterke lokalbankar som no går saman for å skape ein enda meir attraktiv og sterkare lokal sparebank. Surnadal Sparebank og SpareBank1 Nordvest vil bygge ein ny bank som skal vere ein kraftig motor for heile regionen, med same nærvær til – og kunnskap om – kundane.  


«JULEFRYD» i Stangvik kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 20. oktober 2020

Søndag 6.desember klokka 14: 00 arrangerer Vårsøghelga førjulskonsert med Nidarosdomens jentekor, TrondheimSolistene og Astrid Nordstad (mezzosopran) i Stangvik kyrkje.


Gjenopnar Frivilligsentralen etter 7 månader

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. oktober 2020

Da frivilligsentralen opna 10. mars, var det berre såvidt dei rakk å opne døra for brukarane – før dei måtte stenge igjen.  I dag – etter 7 månader med koronastenging var det markert at dei opna dørene igjen.  – Vi var max uheldig med timingen for opninga, men er glad for at vi no har fått opne dørene igjen, seier Hilde Staveli Solli som er dagleg leiar ved Frivilligsentralen. 


Manuell dirigering Fv 6145 – Svinviktunnelen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 20. oktober 2020

På grunn av vedlikehaldsarbeid på Fylkesveg 6145 i Svinviktunnelen er det i tidsrommet 09:30 – 21:00 i dag (20.oktober) manuell dirigering gjennom tunnelen. Dette skuldast naudsynt vedlikehald i tunnelen. Det må påreknast ventetid på opp til 15 minutt, og alle må vente på ledebil. 


Influensavaksinering – ekstra viktig denne hausten!

Dordi Jorunn Halle Måndag 19. oktober 2020

Surnadal kommune melder:

Årets influensavaksinering vil foregå i Surnadal idrettshall 27.- 29. oktober. Vaksineringsdagane er delt inn slik at folk frå ulike grender møter opp på ulike dagar. 


Årets siste fotballkamp

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 18. oktober 2020

Søya/Todalen sitt G12 lag avslutta fotballsesongen 2020 med kamp mot Bryn 1 på Søyabanen søndag. Vêrgudane varta opp med eit skikkeleg ufyseleg vêr med regn og kulde. Så det vart ei våt og kald oppleving både for spelarane og publikum. Dette var den siste fotballkampen for laga til Søya/Todalen i årets sesong. No tek alle laga ein fortent pause, for å «lade batteria», før sesongoppkøyringa til neste års sesong tek til etter kvart. 


Koronapandemien i Surnadal. Har sanitetskvinnene kort i ermet?

Dordi Jorunn Halle Sundag 18. oktober 2020

Måndag 26. oktober kl. 19.00 arrangerer Todalen sanitetsforening ope møte i Todalen ungdomshus. Temaet for kvelden er «Koronapandemien i Surnadal. Har sanitetskvinnene kort i ermet?», og det er kommuneoverlege Bjørn Buan som er kveldens foredragshaldar.


Kløvertur til Løfta

Dordi Jorunn Halle Sundag 18. oktober 2020

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 19. oktober. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!