Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årets siste fotballkamp

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 18. oktober 2020

Søya/Todalen sitt G12 lag avslutta fotballsesongen 2020 med kamp mot Bryn 1 på Søyabanen søndag. Vêrgudane varta opp med eit skikkeleg ufyseleg vêr med regn og kulde. Så det vart ei våt og kald oppleving både for spelarane og publikum. Dette var den siste fotballkampen for laga til Søya/Todalen i årets sesong. No tek alle laga ein fortent pause, for å «lade batteria», før sesongoppkøyringa til neste års sesong tek til etter kvart. 

Første omgang starta med eit klart spelemessig overtak til heimelaget. Heimelaget spela seg fram til mange sjansar, mange av dei skikkeleg store òg, men ballen ville ikkje i mål. Anten var det ein motspelar som blokkerte, eller så var det ein god bortekeeper som stod i vegen for avslutningane. Heimelaget hadde i første omgang heile 11 cornarar, noko som viser at dei hadde mange sjansar. Bortelaget på si side satsa meir langskot, og på ein våt og glatt bane med sleip ball var ikkje det ein dårleg tanke, sjølv om ein god heimekeeper Tor Asbjørn M. Karlsen i heimelaget sitt mål ikkje var lett å overliste. Første omgang ebba ut med ei knapp leiing til bortelaget.  

Ein av mange farlege cornerar til Søya/Todalen. Foto: B G Ansnes

I andre omgang var det bortelaget som kom best i gang og tilreiv seg eit spelemessig overtak i starten. Etter kvart kom heimelaget meir med og var etter kvart fullt på høgde med gjestane. Heimelaget skapte òg i andre omgang mange sjansar, men framleis utan at det gav teljande resultat. Da dommar Espen Andersen bles av kampen var det bortelaget som jubla mest. 

Spelarane helsar på kvarandre før kampen. Foto: B G Ansnes

Sjølv om vèret ikkje akkurat var det beste for fotball, så fekk vi sjå ein god fotballkamp med mykje godt spel, med mykje godt lagspel og enkeltmannsprestasjonar. Fleire av måla var og skikkelege perler. 

Heimelaget har verkeleg utvikla seg positivt gjennom sesongen. Så her trenarane Janne Lene T. og Geir Atle Røen gjort ein god jobb, samtidig som spelarane har vore lærevillige. 

Søya/Todalen sitt mål vart scora av Halvard Nordvik. 

Søya/Todalen sitt lag: Tor Asbjørn M. Karlsen, Sigurd Kvendset, Steinar Stenberg, Marius Kvande, Halvard Nordvik, Heine Røen, Håkon Nes og Orion Fossen. 

Bryn varmar opp til kampen. Foto: B G Ansnes

 

 

 

Først publisert: 18. oktober 2020, 18:40 - Sist oppdatert: 19. oktober 2020, 05:24