Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«JULEFRYD» i Stangvik kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 20. oktober 2020

Søndag 6.desember klokka 14: 00 arrangerer Vårsøghelga førjulskonsert med Nidarosdomens jentekor, TrondheimSolistene og Astrid Nordstad (mezzosopran) i Stangvik kyrkje. 

Nidarosdomens jentekor og TrondheimSolistene har i fleire år hatt eit tett samarbeid. Med konserten «Julefryd» i Nidarosdomen, har dei sidan 2012 sett det trønderske publikum i god julestemning. I år får vi altså oppleve dette i Stangvik kyrkje, når Nidarosdomens jentekor og TrondheimSolistene for fyrste gong tek «Julefryd» ut frå Nasjonalheilagdomen. I år vil nemleg tre stadar i Midt-Norge, i tillegg til Nidarosdomen, få oppleve «Julefryd»,  ein unik konsert forsterka med mezzosopranen Astrid Nordstad. Og ein av stadane blir altså Stangvik kyrkje søndag 6.desember. Konsertprogrammet vil inneheld kjente og kjære julesongar, men og nokre nye – alt frå mektig og stort – til stille og gripande. Det vil òg bli allsong under konserten. 

TrondheimSolistane. Foto Nikolaj Lund

Mykje av repertoaret har dei faktisk aldri presentert utanfor Nidarosdomen før. Det blir over 80 songarar frå det som blir rekna som eit av Europas fremste jentekor, TrondheimSolistene og solist Astrid Nordstad. Astrid er ei av koret sine tidlegare songarar. Ho debuterte på Den norske opera i 2019, og er eit av våre største talent innafor klassisk song. 

I 2020 mottok Nidarosdomens jentekor og TrondheimSolistane GRAMMY Award i USA for utgjevinga «LUX». Dette er fyrste gongen eit norsk kor og orkester mottek denne høgt-hengande prisen. Deira album «MAGNIFICAT» var nominert til prisen i 2014. 

Astrid Nordstad. Foto: Lasse Berre

Konserten er moglegjort gjennom støtte frå SpareBank1 SMN – som er hovudsamarbeidspartnar både til Nidarosdomens jentekor og TrondheimSolistene. 

Medverkande: 

  • Nidarosdomens jentekor
  • TrondheimSolistene
  • Astrid Nordstad, mezzosopran
  • Maria Næss, flygel
  • Anita Brevik, dirigent. 

Grunna restriksjonane i samband med koronasituasjonen blir det berre lagt ut 150 billetter til konserten. Billettprisen er kr. 250,- + avgift. Billetter kan du kjøpe her: Billetter «JULEFRYD» eller på billettautomaten på Surnadal kulturhus. 

Publisert: 20. oktober 2020, 12:42