Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til kaffelag på Frivilligsentralen

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. oktober 2020

Med nyopna Frivilligsentral, ønskjer Surnadal pensjonistlag å invitere sine medlemar og andre til kaffelag på Frivilligsentralen på Skei.  Leiar i pensjonistlaget, Helge Røv, fortel at han har bestillt lokala kvar fredag frå kl 11:00 til kl 15:00 til.  Førtkomande fredag – 23. oktober – startar vi først kl 13, men seinar blir det altså kvar fredag frå kl 11 – og det skjer altså i Fiskebygget på Skei, der det for mange år sia var klebutikk – Centrum klær. 

Helge er spent på kva dette blir til – det blir litt opp til deltakarane å kome med innspel på kva innhald desse «samlingane» skal få etter kvart.  Vi startar på førstkomande fredag så får vi sjå etter kvart, seier Helge Røv, som til slutt presiserer at dette tilbodet er både for medlemar i pensjonistlaget og for andre som har lyst til å bli med. Alle er velkomne!

 

Publisert: 21. oktober 2020, 22:15