Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Historielaget melder: Årsskrift nr 19, 2020, er sendt til trykking

Dordi Jorunn Halle Sundag 25. oktober 2020

Har du betalt medlemskontingenten for 2020?

Todalen historielag fortel at årsskriftet for 2020 for lengst er sendt i trykken, og at det blir bokslepp i Ungdomshuset søndag 15. november. For medlemmer i historielaget er eitt årsskrift inkludert i medlemskapen.

Faktura for kontingent for 2020 vart sendt ut i slutten av september via post eller e-post. Det er framleis mange som ikkje har betalt, og kasserar Sven Olav Svinvik er usikker på om e-postadressene han har, stemmer.

Men ønsker du å framleis å vere medlem eller å melde deg inn, kan ein gjere det via bankgiro eller VIPPS.

Pris for medlemskap:                              
Enkeltmedlem: 200 kroner.

Familiemedlemskap: 250 kroner.

Bankgirokonto: 4025 33 29094 – merk innbetaling: Medlemskap 2020

VIPPS: 517467 – merk innbetaling: Medlemskap 2020

Retting av e-postadresse og eventuelle spørsmål kan rettast til Sven Olav Svinvik: sosvinvik@gmail.com

Som medlem i historielaget, får ein altså årsskriftet fritt tilsendt.

I årets hefte er det artiklar om transporthistorie til og frå Todalen, skule frå eldre tider og fram til i dag, om den første folkehøgskulen på Nordmøre, om ein allsidig kar frå Teigen som reiste til Amerika, minne frå Astrid og Inge som voks opp på Myrvang, livberging i utmarka, tannlegeturar til Tingvoll, om Halagrenda før og no osv.

Mange gode og interessante bilete både i Minneboka og elles i heftet.

Slik ser framsida ut:

 

 

 

Publisert: 25. oktober 2020, 21:05