Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Natt til søndag stiller vi klokka

Jon Olav Ørsal Fredag 23. oktober 2020

Natt til søndag 25. oktober stiller vi klokka éin time tilbake og går frå sommartid til normaltid. Kl. 02 natt til søndag stiller vi klokka ein time attende.  Er du i tvil om korleis du skal stille om til sommar- eller vintertid, så er regelen at du alltid stiller klokka mot sommaren.

Kva skjer med sommartida i Europa?
Det har vore mykje prat om at det skal bli slutt på sommartida. Europakommisjonen la i 2018 fram forslag om å avvikle ordninga med å stille klokka fram og tilbake. Det er enno ikkje gjort noko vedtak om endringar og det er heller ikkje klart om ein vil jobbe vidare med forslaget i EU.

Så inntil vidare må vi berre fortsette å stille klokka fram ein time om våren og attende ein time om hausten. I Norge er det iallfall vintertida som er normaltid, slik som ordninga er i dag. 

Publisert: 23. oktober 2020, 12:11