Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2019

Vi fann 68 artiklar i dette arkivet.


God sesongstart!

Dordi Jorunn Halle Måndag 4. februar 2019

Etter ein lang ferie med julehelg og «mørketid» gjekk første Kløverturen i 2019 av stabelen måndag 4. februar. Det vart riktig så god start på sesongen; fint ver og sola skein på Kvennsetgarden. Ho verma faktisk ganske godt! Men det viktigaste var at 14 trimmarar møtte fram første dagen! «Kjekt å gå tur i lag!» vart det sagt.


Forandringar på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Måndag 4. februar 2019

Ein lynvisitt på Gammelfabrikken avslørte at det er mykje på gang i den 120 år gamle fabrikkbygninga. Gammelfabrikken har dei siste par ti-åra vore bruka til showrom for produkt frå Talgø-konsernets fabrikkar. Frå 1. juli 2018 er det slutt på møblar og interiør og dermed blir det ledig plass til andre formål i tida som kjem. – I den gamle fabrikkbygninga frå 1899 er heile 2. etasjen revet ut, og vi er komne heilt innpå skalet, fortel Anita Talgø som er prosjektleiar for renoveringa av Gammelfabrikken.


Årsmøte i Todalen sanitetsforening

Dordi Jorunn Halle Måndag 4. februar 2019

Todalen sanitetsforening minner om at dei held årsmøte i Sanitetshuset tysdag 5. februar kl. 18.30


Fant blåse på sjøisen under kraftlina

Jon Olav Ørsal Sundag 3. februar 2019

Ved Svinvika går det to kraftlinjer over Todalsfjorden som tilhører Statnett. I dag vart det funne ei brannskadd blåse på sjøisen under kraftlinja, og folk som var på sjøisen i går påstår at den har falt ned i løpet av natta. Blåsa var brannskadd, men elles er det uklart kvifor den er brannskadd og når det eventuelt har skjedd eit lynnedslag eller liknande.


Taekwondo: Medaljedryss i midtnorsk

Jon Olav Ørsal Sundag 3. februar 2019

Surnadal Taekwondo har ei stor tropp som deltek i Midtnorsk mesterskap i Trondheim i helga. Kjell Gunnar Polden er med som leiar og har sendt oss ein liten rapport under vegs i misterskapet, der mellom anna 3 todalingar har hevda seg bra så langt. Dette er ein av dei første gongane det deltak todalingar i Midtnorsk mesterskap og han var fornøyd med innsatsen.


Inviterer til språkkafé for å lære norsk

Jon Olav Ørsal Sundag 3. februar 2019

Folkeakademiet arrangerer språkkafé for flyktninger og andre som trenger øvelse i å lære seg norsk . Det foregår mandagskvelder fra kl. 18.30 på kantina i tredje etasje i Coopbygget på Skei –  Adressa er  Skeivn 3.  Alle er velkommen til å ta en kaffekopp og slå av en prat, og bli bedre kjent med våre nye […]


Ny sesong med Kløverturar – blir du med?

Dordi Jorunn Halle Laurdag 2. februar 2019

Sola er tilbake etter vinterpausen. No skin ho langt nedover liene og heilt ned på Kvennsetgarden, og ho kryp lenger og lenger oppover bygda dag for dag. Yr lovar godt ver måndag 4. februar så da blir det oppstart for Kløverturane i 2019! Oppmøte ved Halsbua, og så blir turmål bestemt etter ver og føre. Men det blir ein lett tur i nærområdet til butikken. Turstart kl. 11.00.


På utfordrande asfaltlegging med Veidekke

Jon Olav Ørsal Fredag 1. februar 2019

På september i fjorhaust vart det lagt asfalt på den store 13.000m2 lagringplassen på Talgø MøreTre i Surnadal. Det var Veidekke Industri som hadde prosjektet og sjølv om dei er vant med prosjekt som kanskje er mykje større enn dette, så var det store utfordringar med underlag og grunnarbeid for å få dette solid nok til å tåle belastninga. No kan du få sjå videofilm frå dette prosjektet – Kristian Mossing som er leiar for Veidekkes entreprenør- og privatmarked i Nordmøre og Romsdal, har filma arbeidet med dette prosjektet. Ved hjelp av drone med påmontert kamera har han laga ein flott og interessant videofilm som vi no får vise.