Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fant blåse på sjøisen under kraftlina

Jon Olav Ørsal Sundag 3. februar 2019

Ved Svinvika går det to kraftlinjer over Todalsfjorden som tilhører Statnett. I dag vart det funne ei brannskadd blåse på sjøisen under kraftlinja, og folk som var på sjøisen i går påstår at den har falt ned i løpet av natta. Blåsa var brannskadd, men elles er det uklart kvifor den er brannskadd og når det eventuelt har skjedd eit lynnedslag eller liknande.

Deler av blåsa som hamna på sjøisen – blåsa var brannskadd. Foto: Mari Redalen

Etter tips tok vi kontakt med Rikky Blekken i Statnett, både for å varsle om funnet – og for å høre om eventuell årsak. Han var usikker på årsaka, men han kunne fortelje at dette skjer frå tid til anna. På strekninga over fjorden ved Svinvika er det fleire blåser som har falle ned den siste tida, og Blekken fortalte at alle blåsene der skal skiftast ut i løpet av sommaren. Da vil det bli montert blåser som er laga av aluminium og som er meir holdbare, ifølge Blekken. Blåsene er montert for at fly og helikopter skal sjå kraftlinjene betre under vanskelege lystilhøve.

Berre festebeslaga er att på straumlinja Foto: Mari Redalen

Fine forhold på sjøisen sist søndag – og det var faktisk nokre som prøva seg på isfiske, men resultatet kjenner vi ikkje? Foto: Mari Redalen.

Publisert: 3. februar 2019, 14:39