Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forandringar på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Måndag 4. februar 2019

Ein lynvisitt på Gammelfabrikken avslørte at det er mykje på gang i den 120 år gamle fabrikkbygninga. Gammelfabrikken har dei siste par ti-åra vore bruka til showrom for produkt frå Talgø-konsernets fabrikkar. Frå 1. juli 2018 er det slutt på møblar og interiør og dermed blir det ledig plass til andre formål i tida som kjem. – I den gamle fabrikkbygninga frå 1899 er  heile 2. etasjen revet ut, og vi er komne heilt innpå skalet, fortel Anita Talgø som er prosjektleiar for renoveringa av Gammelfabrikken.

Her hadde oldefar – og seinare oldemor sitt kontor. Det var linoleumsrestar på golvet. Herfra vart verksemda styrt frå starten i 1899 og fram til starten på 1930-talet. Foto: Jon Olav Ørsal

Ho fortel at det skal bli store endringer etter kvart.  – Vi er no i planleggingsfasen og kjem til å bruke litt tid på dette arbeidet, og reknar med at inneværande år går med på dette.  Det vi veit no er at Gammelfabrikken framleis skal brukast kommersielt i samband med salsarbeidet, slik vi har gjort sia før årtusenskiftet. Vi veit også at vi skal bruke noko av 2.-etasjen for å ta vare både på historia vår sjølv, og anna lokal handverkshistorie. Da tenkjer vi på Talgøs 120-årige historie som familieverksemd – noko som i dag er nærast unikt.

I tillegg har vi fått donert det private snekkerverkstedet til Sigvart Husby, med verktøy og inventar, i tillegg til ei samling møblar med framifrå treskjærerarbeid. Kan berre nemne Skjåk-Ola-skapet som kjem til å vekkje stor oppmerksamheit når det kjem i utstilling.  Sigvart jobba heile liver her på Talgø – mellom anna som treskjærer ein periode.

I dag er ein komen inn på skalet igjen – det originale golvet frå 1899 er kome fram. No skal vi bruke litt tid på å finne ut korleis vi skal bruke lokala, som mellom anna vil innehalde ei historisk avdeling med både familiehistorie og handverkshistorie. Foto: Jon Olav Ørsal

I tillegg fikk vi mykje verktøy og utstyr etter Olav Stengel som også var tilsett på Talgø Møbelfabrikk heile sitt yrkesaktive liv. Det inneheld verktøy og utstyr både etter han sjølv og etter onkelen Henrik Halle. Etter Henrik er det spesielt skogsutstyr som er teke vare på – mellom anna utstyr da han deltok i tømmerdrift i Talgø-skogen. Vi har vore i «planleggingsmodus» lenge med dette, men no skal vi få realisert dette på ein slik måte at det blir interessant å sjå og ikkje minst på ein verdig måte for dei som har samla på utstyret og sett verdien i det arbeidet.

I førsteetasjen har vi også rydda eit rom som skal innreies med produkt i den nye Consise-serien til Talgø MøreTre og samtidig vil også dagen utstilling av MøreRoyal-produkt få ein face-lift med nye farger og profilar.

Ja da – Thora står i gangen og tek i mot!

Historie er det også på golvet – her var det nok parkeringsplass for jekktralla. Foto: Jon Olav Ørsal

Det originale golvet er kome fram i dagen igjen – slitasje har det nok vore gjennom eit stort hundreår. Foto: Jon Olav Ørsal

Her blir det rom for Concise-kolleksjonen. – Dei utstoppa stammar nok ikkje frå Talgø-skogen! Foto: Jon Olav Ørsal

Gabi sørger for reinhaldet på Gammelfabrikken – ho var i full gang med å få ut støv og lort etter snekkarane. Foto Jon Olav Ørsal

 

 

 

Publisert: 4. februar 2019, 15:25