Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Taekwondo: Medaljedryss i midtnorsk

Jon Olav Ørsal Sundag 3. februar 2019

Surnadal Taekwondo har ei stor tropp som deltek i Midtnorsk mesterskap i Trondheim i helga.  Kjell Gunnar Polden er med som leiar og har sendt oss ein liten rapport under vegs i misterskapet, der mellom anna 3 todalingar har hevda seg bra så langt. Dette er ein av dei første gongane det deltak todalingar i Midtnorsk mesterskap og han var fornøyd med innsatsen.

Det er eit titals deltakarar frå klubben i Surnadal og der kan vi nemne at Edel Therese Karlsen (junior) har fått bronsemedalje i sparring, medan Sindre Bruset (eldre junior)har fått sølv i mønster. Maren Karlsen (junior) gjorde det også bra i konkurransen. Elles kan nemnast at Heidi Fiske frå Surnadal tok gull i sparring og Laura Sofie Gikling frå Ålvundeid tok gull i mønster i juniorklassen. Og sist men ikkje minst tok Trine Sveen Flåtten (junior) frå Rindal gull i high kick.

Bildeglimt frå Midtnorsk mesterskap i Taekwondo som foregikk i Rosenborghallen i Trondheim i helga.  Alle foto: Jostein Bruset

Publisert: 3. februar 2019, 13:47