Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På utfordrande asfaltlegging med Veidekke

Jon Olav Ørsal Fredag 1. februar 2019

På september i fjorhaust vart det lagt asfalt på den store 13.000m2 lagringplassen på Talgø MøreTre i Surnadal. Det var Veidekke Industri som hadde prosjektet og sjølv om dei er vant med prosjekt som kanskje er mykje større enn dette, så var det store utfordringar med underlag og grunnarbeid for å få dette solid nok til å tåle belastninga. No kan du få sjå videofilm frå dette prosjektet – Kristian Mossing som er leiar for Veidekkes entreprenør- og privatmarked i Nordmøre og Romsdal, har filma arbeidet med dette prosjektet. Ved hjelp av drone med påmontert kamera har han laga ein flott og interessant videofilm som vi no får vise.

Slik var lagerplassen etter at den var fylt opp med stein – før utjamninga og opprettinga med klargjering til asfaltering. Foto: Kristian Mossing

Kristian Mossing fortel at Veidekke var med på heile prosessen med oppfylling og utjamning av heile den 13.000 m2 store lagerplassen. Vidare var det Erik Magne Ranes som hadde jobben med å jamne ut og rette opp med eit lag med pukk. Denne jobben får han skryt for med Mossing – det vart rett og slett bra, legg han til.  Dermed kunne Veidekke begynne jobben med asfalteringa. 

Først vart pukken penetrert med ein spesiell emulsjon som vart sprøyta ned i under høgt trykk. Dette var ein slags asfalt som vart spesielt utvikla ved Veidekkes kompetansesenter for å sikre at resultatet skulle bli bra og at pukken skulle bli låst. Deretter vart det avstrødd med 1,5 cm asfalt, før hovudlaget med 5 cm asfalt vart lagt og til slutt eit 4 cm lag med ekstra solid spesialasfalt på toppen. 

Resultatet vart altså ein videofilm på rundt 2,5 minutt som viser prosessen og arbeidet med asfaltlegginga.  Det er Kristian Mossing i Veidekke som har hatt både regi og gjort filming og redigering samtidig som han har vore prosjektleiar frå Veidekke – Frå Talgø MøreTre er det Inge Skogheim som har vore prosjektleiar og som har leia heile prosessen med oppfylling og fram til asfaltering. 

Klikk på linken for å sjå Videofilmen fra asfaltarbeidet på Syltøran

Her er veidekke i innspurten på asfaltarbeidet på Talgø MøreTre i fjor haust. Foto: Kristian Mossing

Publisert: 1. februar 2019, 18:52