Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

God sesongstart!

Dordi Jorunn Halle Måndag 4. februar 2019

Etter ein lang ferie med julehelg og «mørketid» gjekk første Kløverturen i 2019 av stabelen måndag 4. februar. Det vart riktig så god start på sesongen; fint ver og sola skein på Kvennsetgarden. Ho verma faktisk ganske godt! Men det viktigaste var at 14 trimmarar møtte fram første dagen! «Kjekt å gå tur i lag!» vart det sagt.

Nesten heile turgjengen i dag. Triveleg med godver! Frå venstre: Helen, Synnøve, Jorunn Ø, Helga, Åse, Karen Johanne, Jorunn H, Berit, Dordi, Arndis, Marit, Sigrun. Foro: Dordi J H

Det er mykje snø i terrenget, og det er ikkje så kjekt å gå etter hovudvegen med asfalt og mykje trafikk. Derfor gjekk turen i dag både litt hit og dit, gjennom Kvennsetøran bustadfelt, nedover til Småbåthamna, vidare til Settefiskanlegget før turen gjekk oppover til Rossåfossen. Kjekt med skogsvegar og stikkvegar som er brøytte!

Men om sola skein, var det for kaldt med kaffepause ute i det fri, så da var godt å ta inn i  kaffekroken til Terje og co på butikken. Kjøle kjekt og verdifullt å ha ein slik plass i bygda vår!

Det vart kø ved kaffemaskinå i Matkroken! Foto: Dordi J H

Kjekt å ha ein samlingsplass! Foto: Dordi J H

Det blir ny Kløvertur neste måndag, 11. februar. Ver og føre avgjer kor turen kan gå, men det kjem opplysingar om dette her på todalen.no sist i veka.

Alle er velkomne til å bli med på Kløvertur, både folk som bur innanfor og utanfor tunnellen!

Fint nede ved fjorden. Men turfølget fann det tryggast å halde seg unna sjøisen. Praten gjekk livleg, triveleg å treffast på tur att! Foto: Dordi J H

Godt å gå etter fine skogsvegar! Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 4. februar 2019, 17:05