Surnadalsrussen med vellukka revyforestilling
Torsdag kveld har det vore premiere for fullsett sal i kulturhuset, der russerevyen «På rett plass til rett tid» hadde den første av 3 forestillingar. Surnadalsrussen 2019 fikk mykje velfortent skryt for revyoppsettinga, der dei viste eit godt og variert revyprogram for eit begeistra publikum. Det blir to forestillingar til – fredag 1. mars kl. 19.00 og laurdag 2. mars kl. 17.00. – Det er enno att billettar til begge forestillingane, og vi anbefaler å ta turen til kulturhuset på revy. Men dersom du vil sikre deg billett, så må du ikkje vente for lenge!