Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Talgø MøreTre: Bygger ny lagerhall på nesten 3400 m2

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. februar 2019

Den som har trafikkert i området Syltøran og Industrivegen har sikker observert store stålkonstruksjonar som kjem til værs på den nyasfalterte lagerplassen. Det er Talgø MøreTre som bygger nytt plukklager for sin MøreRoyal-kolleksjon.  Den nye lagerhallen er på 84 x 40 meter, og ruver godt i terrenget når du passerer ned til Syltøran stadion med totalhøgde på 10,5 meter.

No kjem elementa på plass – eit for eit – etterpå skal det trekkast ein duk over til tak og veggar – da må det være omtrent vindstille. Foto: Jon Olav Ørsal

Det meste av stålkonstruksjonane vil være på plass i løpet av dagen, og da står det att å trekke duk over heile bygget. For å kunne utføre den jobben må det nok være forholdsvis vindstille, for det tek nok mykje vind i slik store flater.  Det tek nok mykje vind i eit slik bygg, men bygget er dimensjonert for det, og festet til underlaget med 16 jordspyd pr punkt og dersom dette blir problem så er det nok mange bygg som må gje seg for overmakta ifølge montørane.

Når tak og vegger er på plass så skal det monterast inn lagerreoler og monteres inn lys – så er lageret klart til bruk!

Her gjeld det å treffe for å få på plass festeboltar. Foto: Jon Olav Ørsal

På kvart punkt er det bruka 16 jordspyd som skal halde lagerbygget på plass. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 27. februar 2019, 14:37