Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Filmkveld med historisk sus

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. februar 2019

Todalen historielag fylte ungdomshuset med eit historieinteressert publikum tysdag kveld. Det var folk både frå Todalen og lengre unna som er historieinteressert og det er godt oppmøte på arrangementa til historielaget. Denne gongen var det filmkveld, og det vart vist historiske glimt med stor variasjon – men først og fremst var det todalsfurua – eller todalstolla – som var i fokus. Svein Åge Saksen viste filmsnuttar, med egne opptak som var frå 80- og 90-talet. Veldig artig å sjå att dette, som no er verdifull historisk materiale.

Saksen tok oss med på skogsarbeid som var filma, med felling av ei stortoll på Hjellnes.  Vidare vart tolla frakta til Ansnessaga for saging og vidare til Bjørkedalen på Sunnmøre der skipsplanken vart bruka på Borgundknarren som er ein tru kopi av Saga Siglar. Vidare fikk vi gjenhør med deler av Jobus som spela på Laksefestivalen i Surnadal og tenning av OL-fakkelen i Morgedal – der fakkelen var laga av materialar frå todalsfuru  og vart tent av Bekken frå Tingvoll. 

Svein åge Saksen hadde gjort alle dei hsitoriske opptaka og laga ein filmrevy ut av dei historike klippa. Foto: Jon Olav Ørsal

Saksen drogst litt med å halde kvaliteten på filmane som vart vist. Dette er filmar som er konverterte frå fleire gamle plattformer til dagens digitale format, og det har nok tært på kvaliteten, men likevel var det artig å sjå att mange av dei historiske klippa og det er tross alt historia bak som er viktigast så det får vi sjå mellom fingrane med denne gongen. Etter på var det sjølvsagt servering av kaffe, bakels med graut og mykje anna godt og mykje historieprat i pausen.  Etter pausen fikk vi ein liten historisk smakebit, der Olav Kvendset intervjua Sigvart Husby og oppveksten i Todalen først på 1900-talet og korleis livet arta seg gjennom oppveksten og ungdommen. Dette vil vi få sjå meir av neste filmkveld ved eit seinare høve….

Eit klipp frå Ansnessaga, der Erling Halle sagar stortolla på bandsaga. (Få filmen til Saksen)

Filmkvelden samla fullt hus i ungdomshuset. Foto: Jon Olav Ørsal

Rundt bordet – frå venstre Solveig Glærum, Bjørn Halle, Per reiten, Hans Gundersen, Johan Ørsal, Anders Todalehaug og Sigrun Ørsal. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 27. februar 2019, 05:00 - Sist oppdatert: 26. februar 2019, 22:38