Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for januar, 2019

Vi fann 67 artiklar i dette arkivet.


Vedlikehald på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. januar 2019

Du har kanskje oppdaga at det drives snekkering på Todalshytta. Det er sårt tiltrengt vedlikehald på råteskadde tømmerveggar som no blir utført. Tømmerveggar som har stått vêr og vind i snart 120 år – Todalshytta vart nemleg bygd så tidleg som i 1901 av Ethelbert Lort Phillips. Det er Peder Myrset frå Averøy og John Arne Dahlen frå Osmarka som den siste tida har jobba med reparasjon av dei gamle veggane


Besøk rett utafor stuevindauga…

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. januar 2019

No må du sjå ut! – Det var meldinga frå naboen, og rett utfor stuevindauga var eit rådyr i full gang med å «ribbe» ei barlindbusk. I nærleiken var det faktisk eit par rådyr til, som ikkje våga seg innom utgarden.


Skiftar til nyare breibandsteknologi

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. januar 2019

Denne veka har Svorka jobba med vedlikehald av breibandsbasen ved Reiret. Denne basen har hatt ein type 3,5 GHz sendar som no vart skifta til meir moderne AC-teknologi. Denne basen har den siste tida berre forsynt nokre få brukarar, og dei som er berørt har no fått nye oppgraderte antenner.


Gudsteneste komande søndag – oppdatert

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. januar 2019

Søndag 3. februar kl 11.00, er det 5. søndag i åpenbaringa, og gudsteneste i Todalen kyrkje med sokneprest Kristin Strand. Takkoffer til Kyrkjebladet – etter gudstenesta blir det kyrkjekaffe. Alle er velkomne!


Todalen Grendalag – lyst til å være med og bidra?

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. januar 2019

I fjor vart Todalen Grendalag (org.nr: 921156073) oppretta som arvtakar etter PT-utvalet. I samband med nytt år er det tid for å velja nytt styre til det nyoppretta laget. Årsmøte vil bli heldt i løpet av mars. Les vidare om målsettinga….


Tingvoll vidaregåande med randoneelinje i samarbeid med Kårvatn

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. januar 2019

Tingvoll videregående skole starter randoneelinje – dette er unikt i Norge, skriv Driva.no som forteller at randoneelinjen skal ha base på Kårvatn i Todalen. – Så vidt meg bekjent blir vi den eneste skolen i landet med tilbud om randoneelinje ved skolen, og i hvert fall den eneste i fylket, sier rektor Steinar Bråthen ved Tingvoll videregående skole.


Feirar tilskudd på 30 000,-

Elinor Bolme Onsdag 30. januar 2019

I går hadde formannskapet i Surnadal kommune saka om ekstra tilskudd til tre lokale nærbutikkar som skal yte nokre ekstra tjenester på vegne av kommunen oppe i sitt møte. Nærbutikkane dette er snakk om er Matkroken i Todalen, Matkroken i Bæverfjord og Coop Marked i Bøfjorden, og drivarane her venta nok litt ekstra i spenning […]


Kjem Oscarvinnaren til Surnadal?

Steinar Hasselø Onsdag 30. januar 2019

«Green Book» vann «Golden Globe», og er også nominert til Oscar. Fredag 1. februar er det premiere på Surnadal kino.

Vi er tilbake i 1962 og ei italiensk-amerikansk dørvakt får jobb som sjåfør for ein mørkhuda klassisk pianist som skal på turne gjennom sørstatane i USA.


Kunstforeninga inviterer til årsmøte

Elinor Bolme Tysdag 29. januar 2019

No er det jaggu høgsesong for ulike årsmøtearrangement. Vi har fått tilsendt innkallinga til Surnadal Kunstforening som minner om sin fastsette dato


Innkalling til årsmøte

Elinor Bolme Tysdag 29. januar 2019

Surnadal Golfklubb kaller inn til årsmøte lørdag 23. februar kl 19:00 på Thon Hotel Surnadal.


Randoneehelg for både elite og for å skape familietrivsel

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. januar 2019

Det blir ei stor skihelg i Dalalia i 23.-24. februar, når Todalen I.L. skal arrangere NorgesCup i randonee og ventar besøk av norgeseliten, med renn for individuelle deltakarar laurdag og med sprint på søndag. Veldig artig at eliten – både herre- og dameløparane – har signalisert at dei kjem til Todalen for å delta, fortel Nils Ove Bruset, som er både rennleiar og leiar i Todalen I.L.


Barn i løypa i friskt vintervêr

Jon Olav Ørsal Måndag 28. januar 2019

Det var stor aktivitet, og alle heldt seg varmen da Todalen I.L. arrangerte «Barn i løypa» måndag kveld. Med fyr på peisen i gapahuken, og litt varm saft som drivstoff var det full fart både i sporet og utafor sporet. Det såg ut som både store og småe kosa seg på det gode vinterføret i lysløypa på Tjønnmyran.