Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vedlikehald på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. januar 2019

Du har kanskje oppdaga at det drives snekkering på Todalshytta. Det er sårt tiltrengt vedlikehald på råteskadde tømmerveggar som no blir utført. Tømmerveggar som har stått vêr og vind i snart 120 år – Todalshytta vart nemleg bygd så tidleg som i 1901 av Ethelbert Lort Phillips.  Det er Peder Myrset frå Averøy og John Arne Dahlen frå Osmarka som den siste tida har jobba med reparasjon av dei gamle veggane. 

Todalshytta vart bygd i 1901, så det er kanskje ikkje så rart at «tidens tann» har tært litt på dei robuste tømmerveggane. Foto: Jon Olav Ørsal

Da Todalen.no stakk innom var det overbygg over hovudinngangen som stod på plana. Overbygget var kome på plass, og dagens jobb var å få på papp og få tett tak. Dei to var ikkje riktig ferdig med reparasjonen  av tømmerveggane, men resten av jobben må no vente til det blir bart for å kome skikkeleg til, fortalte Myrset. Det er også plana at elanlegget på Todalshytta skal fornyes før ein går på ein ny sommarsesong. 

Dersom du tykkjer at du kjenner att Peder Myrset, så er det kanskje ikkje så rart. Myrset var aktiv skyttar i «gamle dagar», og han kjenner – eller har iallfall kjent dei fleste skyttarane på Nordmøre. Myrset vart sågar skyttarkonge under landsskyttarstemnet på Kongsvinger i 1975 – han gikk da til topps med 336 poeng – i konkurranse med 4573 deltakarar.  Han vann den gongen etter omskyting mot Rolf Mannigel frå Laksevåg.

Det er Peder Myrset og John Arne Dahlen som har sørga for snekkerarbeidet på Todalshytta. Foto: Jon Olav Ørsal

Her blir det tilbygg over hovudinngangen på Todalshytta. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 31. januar 2019, 18:00