Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Feirar tilskudd på 30 000,-

Elinor Bolme Onsdag 30. januar 2019

I går hadde formannskapet i Surnadal kommune saka om ekstra tilskudd til tre lokale nærbutikkar som skal yte nokre ekstra tjenester på vegne av kommunen oppe i sitt møte. Nærbutikkane dette er snakk om er Matkroken i Todalen, Matkroken i Bæverfjord og Coop Marked i Bøfjorden, og drivarane her venta nok litt ekstra i spenning på om vedtaket gjekk i riktig retning etter møtet. Og det gjorde det. Alle tre butikkane får kvar sine 30 000 kroner for ha eit kaffekroktilbod, ein enkel turistinformasjon og ei kommunal infotavle kor ein kan finne siste nytt frå kommunen. 

Terje Nordvik fekk vite det positive resultatet såpass tidleg at han kunne bestilte blautkake levert til morgonmøtet på Matkroken Todalen i dag tidleg. Han skryt av forslaget og det einstemmige vedtaket til kommunen. -Næringskonsulent Harald Bredesen har jobba godt i denne saka, og vore «vår mann» saman med Merkurordninga slik at vi no kan få litt ekstra penger i kassa. Både for tjenester vi allerede yter, men også nokre nye som vi no forpliktar oss til, fortel Terje. 

 

Herradshuset avdeling Todalen, eller kanskje heller Herreshuset? Buss- og mjølkebilsjåfør vart plutseleg travle når kameraet dukka opp og måtte vidare på jobb.

Terje er ein mann som liker å feire. Og da var det heilt naturleg å invitere rådmann Knut Haugen, næringskonsulent Harald Bredesen og næringssjef Karin Halle på kaffe og blautkake kl 7.30 i dag, saman med trufaste morgongjester. 

Knut Haugen hadde med seg ein liten bordvimpel frå kommunen no som samarbeidet er ein realitet. Harald Bredesen ertast litt med Terje ved å ovverrekkje  han ein kommunal VI-buff. -No er det jo slutt på at det er «dei innpå kommunehusa på Skei» veit du. No er det VI i kommunen, sidan du skal serve kundane med å oppretthalde denne fine samlingsplassen som kaffekroken er, og hjelpe oss med litt info om kommunen i lokala dine.

Terje fekk æra av å sprette kaka. Han jubilerte også med eigen fødselsdag i dag, så kanskje han var framsynt med denne kakebestillinga si… 

 

 

Publisert: 30. januar 2019, 09:40