Fleirkulturell adventsstund
Kyrkja i Surnadal ønskjer velkommen til ei fleirkulturell adventsstund på Kyrkjelydshuset på Skei onsdag 7. desember klokka 18. Her blir det tenning av adventslys, synging av julesongar og lesing av juleevangeliet.
Vi fann 76 artiklar i dette arkivet.
Kyrkja i Surnadal ønskjer velkommen til ei fleirkulturell adventsstund på Kyrkjelydshuset på Skei onsdag 7. desember klokka 18. Her blir det tenning av adventslys, synging av julesongar og lesing av juleevangeliet.
Handelsmann Nordvik inviterte til sjakk på Matkroken – rett og slett ein heilt uformell sjakk-kveld, berre for å spele mot kvarandere. Det er ei lita oppfølging av sjakkturneringa som vart arrangert i fjorvinter og med finale i ungdomshuset.
Det er både ei artig og seriøs sak, og er ei låt som omhandlar stemninga og opplevinga med juletrefest i Dønnem Bedehus. – Gøran har fanga inn mange detaljar frå desse juletrefestane han syng om sin barndom her – samtidig som det er ein liten hyllest til Magnhild på pianoet.
I år kjem det ingen rundt i heimane i Todalen for å selje «Jul på Nordmøre» slik som brukvisen har vore i mange år. Men no er dette tradisjonsrike juleheftet til sals hos Matkroken, Todalen. «Jul på Nordmøre» kjem ut for 81. gong, og leiaren i skriftstyret, Lars Steinar Ansnes, kallar det ein kulturinstitusjon.
Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Grunna tekniske problem er alle avganger i tidsrommet fra Kvanne kl 16.00 til 20.45 fra Rykkjem kansellert i dag 3. desember, melder Fjord1. Fjord1 melder no om normal drift!
Indre Nordmøre Forsvarsforening har tradisjon for å dra til Trondheim for å delta på Forsvarets julegudsteneste i Nidarosdomen. Iår arrangeres Forsvarets julegudsteneste onsdag 14. desember kl. 1100, og alle som har lyst er velkomne til å delta – både medlemmer og ikke-medlemmer.
Stangvik historielag er svanger med eit nytt, flott årsskrift med heile 64 sider med lokalhistorie mellom permane. Årsskriftet er allsidig lesnad, og har henta stoff frå mange hendingar og forskjellige fagområde. Her vil nok alle finne noko som er interessant å lese om.
Er du ikkje ferdig med julegåvene enda? Folk frå bygdebokprosjektet i Surnadal vil laurdag, vera på plass på Coop på Skei mellom klokka 11.00 og 16.00 for å selje den nye bygdeboka for området Åsbøen til Kårvatn. I tillegg vil det bli boksalg same tid og stad laurdag 10. desember og same stad måndag 12. […]
Førstkommende søndag, frå kl 19.30 og eit par timar utover, held «kaffekroken» på Matkroken åpent for helt uformelt sjakktreff for den som har lyst. Ta med brett og kom, så kan vi spelle mot kvarandre eit par timar. Kun uformelt og ikke organisert på førehand. Reknar med at mange har lært seg nokre triks av «Magnussjakken» under […]
De siste par dagane har vi fått ein liten forsmak på julesnøen – ikkje så mykje, men den har vore blaut og våt. Den erfaringa har også brøytarane gjort seg, men sesongdebuten har gått bra. Ny farge har vi fått på brøytebilen også – frå 1. september tok Mesta over vegvedlikehaldet på riks- og fylkesvegane etter Veidekke, og dermed vart det ny farge på brøytebilane og nye brøytebilsjåførar.
I føremiddagstimane har Telia mobil (tidlegare NetCom) vore ute av drift i Todalen – Nettet var i fleire timar heilt utan signal, og kabelbrot skal være årsak til problema. Fredag ettermiddag kom Telia på nett igjen, og problema ser ut til å være løyst for denne gong. Telenors nett var ikkje berørt av prolema.
Elg & Co introduserte konserten sin i Stangvikkyrkja som kortreist kvalitetskultur. – Og jammen skulle du stå godt i mot dersom du ikkje skulle få julestemninga innover deg under konserten i går kveld. Med skikkeleg ruskvêr ute og vindkast som røska tak i kyrkja vart det litt ekstra julestemning, sjølv om det også gikk ut over temperaturen.