Sesongstart på Bordholmen
Til tross for surt og kaldt ver vart det ein flott start på fotballsesongen på Bordholmen. Årets første kamp var eit lokaloppgjer mellom Surnadal 1 og KUST 2 i klassen jenter 12.
Vi fann 62 artiklar i dette arkivet.
Til tross for surt og kaldt ver vart det ein flott start på fotballsesongen på Bordholmen. Årets første kamp var eit lokaloppgjer mellom Surnadal 1 og KUST 2 i klassen jenter 12.
Onsdag kveld den 20. april arrangerte Stangvik Sokneråd kirkegårdsdugnad. Oppmøte var svært bra med i overkant av 30 personer. Så en må bare slå fast at soknepresten har sine ord i behold når han uttaler til media at bygdefolket er flinke til å stille opp for kirka og kirkegården. Selv om kvinneandelen ikke nådde målsettingen til storting og styringsverk på 40%, var det i alle fall litt over halvparten av dette kravet. Tirsdag kveld spådde værmeldingen regn og kuling for onsdagskvelden, og med fjorårets dugnad i friskt minne med stiv kuling og striregn, var alle spente på hva det ville utvikle seg til. Imidlertid var værgudene i godlage, og kvelden forløp med oppholdsvær og vindstille.
I går ettermiddag hadde Todalen Sanitetsforening si årlege innsamling av kleder til Estland i Sanitetshuset. Mange kom, men det vart nok ingen rekord som tidlegare år denne gongen. Men nesten 80 sekkar innkome gjer likevel nytta for dei som ikkje har like stor overflod i Estland som oss her heime.
Nå er Ole Ivars ute på veien med showkonserten Aldri FREåFÅ og torsdag 21. april får publikum i Surnadal kulturhus oppleve nye sider ved det kjente underholdningsorkesteret.
Etter kjempesuksess med 50-års-jubileumskonsertene har den populære gjengen i Ole Ivars virkelig fått smaken på konsert- og showlivet.
Torsdag kveld kl 18:00 får KUST2 (Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen) besøk frå Surnadal1. Det skjer på Bordholmen og er vel årets første fotballkamp på banen i år. Dei oppfordrar publikum til å kome og ta del som heiagjeng! Og det meldes så klart om open kiosk med kaffe og bakels og græt!
Todalen idrettslag minner om årsmøtet, og presenterer komplett sakliste. Årsmøtet blir annarngert i Todalen ungdomshus torsdag 21. april kl 19.00. Oppdatert sakliste til årsmøtet kan du laste ned som PDF-fil her eller lese ved å klikke deg vidare. Alle medlemar er velkomne til årsmøte.
Todalen Idrettslag skal no ha målardugnad på klubbhuset. Denne er planlagt til onsdag 27. april og idrettslaget treng derfor frivillige til å bidra. Bjørn Hauglann fortel at dei har alt av skraper, kostar, målerbøtter og stigar, så det eneste dei treng er mannskap og oppholdsvær. Send derfor gjerne Bjørn ei tekstmelding på tlf 91338051 og gi beskjed: «Eg stiller på målerdugnad […]
Surnadal Røde Kors arrangerer loppemarked i Røde Kors–huset på Bøvra lørdag 30. april kl. 1200-1600. Det blir tradisjonelt loppemarked med basarbok, salg av kaffe og kaker og god stemning. Inntekta går til Røde Kors sitt arbeid i nærmiljøet.
Surnadal kommune oppfordrer alle til å delta i strandryddeaksjonen 2016. Dei proffe renovasjonsselskapa i Midt-Norge går sammen om årets strandryddeaksjon. Opplegget er godt og enkelt. Sekkar hentast gratis i servicekontoret på kommunehuset på Skei eller ved HAMOS sitt anlegg i Røtet mellom 2. mai og 10. juni fortel miljøvernrådgjevar Bodil Gjeldnes i ein epost til redaksjonen.
For mars kan vi gratulere Kristine Saksen Ulvund som vinnar av månadens bilete med «Fagert er landet», etter ei tett avstemning med heile fem kandidatar på mellom 20 og 35 stemmer. Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning.
Todalen Sanitetsforening arrangerer også i år innsamling av kleder til Estland i sammarbeid med Estlandsforeninga og ekteparet Jensvoll fra Rindal. Dato er i år sett til tirsdag 19. april frå kl 17-20 i Sanitetshuset.
Medan vi ventar på ny sesong med rododendronblomstring i Svinviks arboret, kan vi tilby oppvarming til sesongen og omvisning med Halvor svinvik anno 1971. Da var nemleg NRK på besøk i arboretet, og gjorde eit opptak der han fortel om arboretet og tek oss med på ein rundtur med omvisningi arboretet. Opptaket frå 1971 er gjort i svart/kvitt og tek 22 minutt, og vart vist på norske TV-skjermar 13. januar 1971 – medan opptaka vart gjort sommaren 1970.