Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Både innsamling og dugnad unnagjort

Elinor Bolme Onsdag 20. april 2016

I går ettermiddag hadde Todalen Sanitetsforening si årlege innsamling av kleder til Estland i Sanitetshuset. Mange kom, men det vart nok ingen rekord som tidlegare år denne gongen. Men nesten 80 sekkar innkome gjer likevel nytta for dei som ikkje har like stor overflod i Estland som oss her heime.

image

Liv Larsen var mottakssjef for klesinnsamlinga, og kunne melde om brukbar interesse sjølv om alle himmelens sluser til tider var opne denne ettermiddagen.

Uteområdet fekk også ein liten finpuss før våren sett inn for fullt. Veret var ikkje optimalt for dugnad, men dei frammøtte sanitetsmedlemmene fekk rydda litt på uteområdet for det.

image

Bak frå venstre Åse Ville Redalen, MArit Sanden Søyset og Ragnhild Ansnes Moe. Dei tok seg ein runde med rivene og fekk bort litt rusk og kvist etter vinteren.

Inne var det rå å varme seg på ein kaffekopp både for dugnadsgjengen og dei som kom med kleder.

image

Godt med kaffe og kaker både for dugnadsfolket, gjestar og dei som berre gjekk seg ein tur på ettermiddag.

Kledene blir henta allereie i kveld, så den som ikkje vann seg til denne gongen får vente til neste års innsamling.

Publisert: 20. april 2016, 16:00