Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klesinnsamling også i år!

Elinor Bolme Sundag 17. april 2016

Todalen Sanitetsforening arrangerer også i år innsamling av kleder til Estland i sammarbeid med Estlandsforeninga og ekteparet Jensvoll fra Rindal. Dato er i år sett til tirsdag 19. april frå kl 17-20 i Sanitetshuset.

Her vil dei ta i mot reine, heile klede, sko, leiker og anna høveleg utstyr som kan komme andre til nytte og glede. Dette har vorte ein kjerkommen tradisjon, som favner langt utanfor Svinviktunnelen. Saniteten oppfordrar til å pakke det i solid embalasje, så det ikkje blir «lekkasje» på sekkane. De lyt òg ta litt i frakt for å få det frå seg, 25,- pr kolli.

Først publisert: 17. april 2016, 06:26 - Sist oppdatert: 16. april 2016, 21:28