Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for april, 2016

Vi fann 62 artiklar i dette arkivet.


Talgø blir Stikk UT!-bedrift i 2016 – først ute!

Dordi Jorunn Halle Fredag 15. april 2016

No er det snart tid for ny Stikk UT!-sesong i regi av Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal. Dette opplegget har vorte ein stor suksess dei siste åra, i 2015 vart det registrert heile 180 000 turar fordelt på 10 000 ulike turgåarar!


Tid for «Utpågang» igjen…

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. april 2016

Du fann sikkert tidsskriftet «Utpågang» i postkassen din i dag? Dette er er nr 1-2016, altså årets første nummer, fortel Stig Husby frå Amfi Kreativ, som er ansvarleg utgjevar. Som før er det stoff frå dei to kommunane Surnadal og Sunndal, og tidsskriftet tenkt som ei friarferd for dei to kommunane. Lokalt blir tidsskriftet distribuert i 7000 eksemplarer gjennom posten, men for resten av verden er distribusjonen digital. Husby fortel at Amfi kreativ no har både det redaksjonelle ansvaret og er ansvarleg utgjevar, med økonomisk støtte frå dei to kommunane gjennom SUSU-prosjektet og med annonssal til næringslivet.


Bolighus lagt ut for sal i Flathauan bustadfelt

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. april 2016

På Finn.no er ein av bustadane i Flathauan bustadfelt lagt ut for sal. Det gjeld Holbrekkå 7 som ligg lengst mot sør i den nederste rekkja av bustader. Bustaden vart bygd i 1997 og har eit bruttoareal på 191 m6 og ligg på sjølveigartomt på 1058 m2 – prisantudinga er kr 1.190.000.


Rute 46 Kvanne – Rykkjem – normal drift frå kl 15

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. april 2016

Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Grunna problemer med ferjelemmen er sambandet innstilt inn til videre, melder Fjord 1 kl 13.03 onsdag ettermiddag. TK melder på sine nettsider at reparasjonen kan ta noe tid, men at skaden forhåpentleg vis skal være reparert i løpet av dagen.


Astrid vart inspirert av tippoldemora

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. april 2016

Da Todalen sanitetsforening feira 100-årsjubileum i helga var ein av programpostane eit foredrag som Astrid Talgø heldt om tippoldemora Thora Talgø. Astrid jobbar med masteoppgåve om tippoldemora og har vorte inspirert til å bli med på frivilligarbeid sjølv. Tippoldemora var initiativtakar til å starte Todalen sanitetsforening, og var den første leiaren der frå 1916 og utover. Astrid er med som frivillig i Jentevakta som faktisk kan knytte mange parallellar til Sanitetskvinnenes arbeid.


Tromsbønder på fagtur og todalsvisitt

Jon Olav Ørsal Måndag 11. april 2016

Måndag var fylkesstyrene i Troms og Møre og Romsdal Bondelag på Nordmørsvisitt. Oddvar Nordvik er leiar i fylkesstyret i Møre og Romsdal, og han fortel at denne studieturen egentleg er ein gjenvisitt etter at fylkesstyren i Møre og Romsdal var på tur til Troms i fjor. I løpet av eit par dagar skal dei rundt på Nordmøre for å sjå og høre, før dei tysdag ettermiddag sett seg på flyet nordover igjen


Sesongstart – lamminga er i gang

Jon Olav Ørsal Sundag 10. april 2016

Natt til laurdag var det start på ein travel lammingssesong for Bjørn Kvendset, for da kom dei første lamma. Søndag kom dei neste, og i uka som kjem skal mesta halvparten av sauene lamme – dersom alt går etter plana. Da blir det såpass travel at Bjørn tek fri frå jobben på MøreTre ei veke, for å ta imot dei nye verdensborgarane.


Feira 100 år – litt av ein festdag for Todalen sanitetsforening

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. april 2016

Laurdag ettermiddag vart litt av ein festdag for Todalen sanitetsforening, som feira sin 100-årsdag saman med sambygdingar og innbedne gjestar i Todalen ungdomshus. For ein gongs skuld var alle sanitetskvinnene gjestar i eige arrangement, og hadde sett bort bevertninga til HammerStuene for at alle medlemane skulle få ta del i feiringa. Det vart 4 timar i festleg lag, med ei fin blanding av høgtideleg jubilering, festtale, fagleg input og mykje godt humør og latter.


Torils blogg – Eirik sette tone til….

Jon Olav Ørsal Fredag 8. april 2016

Toril Redalen hadde forleden ein artig blogg, der ho i innleiinga var i det lyriske hjørnet – og skreiv om Todalen. Lesarane fatta stor interesse for bloggen og ho fekk på tusental med lesarar som var innom. Eirik Husby, frå Nisstua på Husby, som i dag har sitt virke i hovudstaden fatta interesse for dette, og som den dyktige musikaren han er sette han musikk til teksta og har lage ei lydfil med det ferdig resultatet…


Festkveld med tid for belønning…

Jon Olav Ørsal Fredag 8. april 2016

Torsdag kveld arrangerte Surnadal idrettsråd sin festkveld i Surnadal kulturhus. Det vart ein fin festkveld med både undhaldning og fagleg innput, og det tid for belønning. Tilsaman 4 prisar vart det delt ut denn kvelden – alle til velfortente mottakarar. Den gjevaste priser var kanskje «Publikums hederspris», der Olav Rønning var mottakar. Dei 5000 priskronene donerte han vidare til fondet for ny tråkkemaskin.


Står på vidare for eldre

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. april 2016

Surnadal Demensforening og helselag driv saman med Pårørande foreninga til Surnadal Sjukeheim eit omfattande arbeid for eldre og sjuke for å gjera kvardagen litt betre. Vi har saksa litt frå årsmeldinga , som gir ein god indikasjon på kva dei bidreg med. Vi har mange gode bidragsytarar, både bedrifter og privatpersonar, som alle bidreg på sin måte, seier leiar Liv Botten


Ivrige brannmenn – tek ansvaret på alvor.

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. april 2016

Ein kveld kvar månad driv brannlaget i Todalen med praktisk øving eller anna opplæring. Dei er ein viktig «institusjon» i bygda for at vi andre skal føle oss tryggare. Men det er ikkje berre «den røde hane» dei passar på. Brannlaget har også ansvaret for hjartestartaren som er stasjonert på brannstasjone og rykkjer ut når hjartealarmen går. Og ikkje nok med det – dei har må også tre støttande til dersom det oppstår alvorlige voldsepisodar. Dette tek dei på alvor og legg ned ein stor innsats for å dyktiggjere seg.