Måndag var fylkesstyrene i Troms og Møre og Romsdal Bondelag på Nordmørsvisitt. Oddvar Nordvik er leiar i fylkesstyret i Møre og Romsdal, og han fortel at denne studieturen egentleg er ein gjenvisitt etter at fylkesstyren i Møre og Romsdal var på tur til Troms i fjor. I løpet av eit par dagar skal dei rundt på Nordmøre for å sjå og høre, før dei tysdag ettermiddag sett seg på flyet nordover igjen.
Heile gjengen treftes i Molde i dag tidleg, og første stopp var på Istad, før turen gikk vidare til Sunndalpotet på Grøa og alt vidare til Todalen og Kårvatn. Vidare skal dei innom Pestua for å sjå på nyfjøset for det bers til Vårsøg hotell for å ha felles styremøte, middag og overnatting. Tysdag skal dei til Sivert Mauset for å sjå det nye fjøset i massivtre som MøreTre har levert. Vidare skal dei prøve å rekk innom Solstad i Øvre Surnadal, før turen går til Halsa og nyfjøset på Åsbø og videre til flyplassen i Kristiansund.
Oddvar fortel at bønderne i Troms har mykje dei same utfordingane som bøndene her men det er også mykje som er forskjellig. På det felles styremøtet skal dei diskutere årets jurdbruksforandliger og ein del andre ting og prøve å samle seg mot felles krav og strategi.
På Kårvatn var det Gudmund Kårvatn som tok i mot, og i det fine vårvêret var det naturleg å samlast rundt langbordet i gardstunet. Gudmund orienterte om Kårvatn i eit historisk perspektiv, om trafikkenåra frå Oppdal til kristiansund som gikk forbi Kårvatn. Vidare var sjølvsagt driftsforma i dag eit viktig tema. På Kårvatn drives det i dag med kjøttfe av rasen Angus. Gudmund fortalte kvifor og korleis og om buskapen som beiter på i Naustådalen og Gammelseterdalen i tillegg til pleie av kulturlandskapet rundt garden. På Kårvatn er det i dag rundt 25 angus mordyr og det blir satsa på kjøttproduksjon med leveranse til Mathallen i Trondheim – det er viktig med bådfe god kvalitet i tillegg til at det er ei historie rundt produkta. det vart sjølvsagt mange spørsmål om kvifor og korleis og det var tydeleg at dette var eit interessant tema som vart diskutert rundt langbordet før dei fortsett på turen…