Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tid for «Utpågang» igjen…

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. april 2016

Du fann sikkert tidsskriftet «Utpågang» i postkassen din i dag?  Dette er er nr 1-2016, altså årets første nummer, fortel Stig Husby frå Amfi Kreativ, som er ansvarleg utgjevar. Som før er det stoff frå dei to kommunane Surnadal og Sunndal, og tidsskriftet tenkt som ei friarferd for dei to kommunane.  Lokalt blir tidsskriftet distribuert i 7000 eksemplarer gjennom posten, men for resten av verden er distribusjonen digital. Husby fortel at Amfi kreativ no har både det redaksjonelle ansvaret og er ansvarleg utgjevar, med økonomisk støtte frå dei to kommunane gjennom SUSU-prosjektet og med annonssal til næringslivet.

Stig er avdelingsleiar i Surnadal, og skryter av entusiasmen som gjengen i Amfi Krativ viser for å få til eit godt og aktuelt tidsskrift. Det skal informere om kva som foregår både i næringslivet og elles på nordmøre, og baktanken er sjølvsagt å hjelpe til med å «lokke» heim att utflytta nordmøringar. I første omgang går dette prosjektet over 2-3 år, men dersom det blir vellukka vil det nok gå vidare.

Utpågang nr 1 – 32 sider med godt stoff frå indre Nordmøre.

Årets første nummer har mykje interessant stoff, og har besøkt lydstudioet Dreamfarm på Øyamoen i Surnadal og PipeLife på Syltbakkan og Spiskammerset i Sunndal. Eit intervju med opplevelsesskreddar Martha Torvik og mykje anna stoff å finne i årets første utgåve. – Godt og interessant lesestoff som du kan kose deg med og gjera deg kjent med kva som skjer i Surnadal og Sunndal.

Les den digitale utgåva av Utpågang ved å klikke på denne linken. – Vil du bli fast lesar kan du klikke deg inn på facebooksida til Amfi Kreativ og «like» den. Elles vil du sjølvsagt finne link til Utpågang på heimesida til Amfi Kreativ.

Publisert: 14. april 2016, 18:41