Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2016

Vi fann 50 artiklar i dette arkivet.


No kan du vinne Jeff Wassermans nye CD

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. februar 2016

For ei vekes tid sia hadde vi ein liten omtale om Jeff Wassermans nye CD “The Meeting of the Waters”. Denne veka dumpa det ein CD i postkassa, saman med ei helsing frå Jeff. CD’n er signert og nummerert og den lodder vi ut – eller rettare sagt brukar som premie til ein liten enkel konkurranse […]


Nyoppkjøyrde løyper til helgaturen

Elinor Bolme Fredag 19. februar 2016

Scootekomiteen melder om nyoppkjøyrde spor på sørsida av Todalsfjella. Skispora går opp frå Øyalia og til skihytta, samt spor frå skihytta over Snekkerdalshalsen til Tristeinane og ned att til Innerdalsmerket. I går vart det i tillegg oppkjøyrd spor frå Tristeinane og opp på Midtryggen.


Slik kan det gå….

Elinor Bolme Torsdag 18. februar 2016

I dag fikk vi ein epost frå Ola Einar Øyen, direkte frå sjukesenga på St Olav i Trondheim. Han var i overkant uheldig på tur til arbeid i går morgon, og håper med si helsing at andre kan ta lærdom av at stress i morgontimane kan føre til uforutsette ulykkeshendingar.


ÅRSMØTE OG INSPIRASJONSKVELD

Elinor Bolme Onsdag 17. februar 2016

Torsdag kveld klokka 19.00 ønsker Surnadal Jeger og fiskeforening alle interesserte velkommen til ein inspirerande og sosial årsmøtekveld på Thon Hotel Vårsøg. Frå eit variert program kan det nemnast:


Søndag kan du prøve deg på skimerket!

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. februar 2016

I samband med barn i løype førstkomande søndag, vil det bli høve til å prøve seg på skimerket, melder ski- og friidrettsgruppa i Todalen idrettslag. Det er start kl 14.00, – og det skjer i lysløypa på Tjønnmyra.


Har du lyst til å bli brannkonstabel

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. februar 2016

Surnadal kommune lyser ut ledig stilling som brannkonstabel i Todalen.  Brannlaget i Todalen består av 6 mann, og no er altså ei av stillingane ledig for snarleg tiltreding. Det lokale brannlaget har ein viktig funksjon i bygda, og dei har gjennom sin innsats klart å berge store verdia – vi nemner berre brannen på Todalsøra […]



Tysdag – langope på Kårvatn Fjellutstyr.

Jon Olav Ørsal Måndag 15. februar 2016

Kårvatn Fjellutstyr har langope i morgon tysdag 16. februar frå kl 10-20. – Vi har ekstra gode tilbod på utvalde varer kun i morgon. Til dømes nokre skipakkar, soveposar, skredpakkar, dunjakkar, spadar, fortel butikksjef Laila Kvendset Bergli til Todalen.no.  Det blir sal av kaffe, te, brus og marengskake!


Todalskoret med «Vandring i faste» i Øye kyrkje

Jon Olav Ørsal Måndag 15. februar 2016

Ondag 17. februar kl 19.30 er Todalskoret/Åsskard kyrkjekor gjestar i Øye kyrkje,saman med sin dirigent Bernt Bøe. Dei vil mellom anna framføre den vakre Folketonemessa som er skreve og arrangert av Bernt G.Bøe over folketonar frå Todalen .


Ildri klokkar takkar av

Dordi Jorunn Halle Måndag 15. februar 2016

Ildri Sjøland Øyen har vore klokkar i Todalen kyrkje i heile tolv år. Ho har vore ein trufast, dyktig og fargerik klokkar som kyrkjelyden i Todalen har sett stor pris på! Ildri seier at ho synest klokkarjobben har vore både givande, interessant og kjekk, men i dag var det altså siste ordinære arbeidsdagen. Det blir […]


Godt jobba!

Jon Olav Ørsal Sundag 14. februar 2016

Årets randoneehelg er over  – kaldt var det, med temperaturar ned med 12-13 grader på søndag – men du verden for ei oppleving for både løparar, arrangør og funksjonærar som alle har stått på frå morgon til kveld. Det er egentleg veldig artig å være arrangør, når alle er så nøgde. Vêret og føret har […]


Vertikal – Sindre Hoff frå start til mål

Jon Olav Ørsal Sundag 14. februar 2016

Det var ingen som kunne tukte Sindre Hoff i søndagens randoneecup vertikal. Hoff klarte å halde konkurrentane bak seg frå starten på Øraekra og heilt til mål på Litj-fjellet på 886 m.o.h. Og den turen gjorde han unna på knappe 36 minutter. I dameklassen vart det ein ny seier for Malene B. Haukøy, og Sondre Andersson Svensli var suveren i juniorklassen.