Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No kan du vinne Jeff Wassermans nye CD

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. februar 2016

For ei vekes tid sia hadde vi ein liten omtale om Jeff Wassermans nye CD “The Meeting of the Waters”. Denne veka dumpa det ein CD i postkassa, saman med ei helsing frå Jeff. CD’n er signert og nummerert og den lodder vi ut – eller rettare sagt brukar som premie til ein liten enkel konkurranse vi har laga – så bla vidare…

JeffW_CoverInnside_7068

Våre spørsmål er:
1 – Har Jeff Wasserman nokon gong fått Spellmannsprisen?
2 – Når er Jeff fødd, og i kva land?
Send svar til vår e-post: red@todalen.no seinast søndag 21. februar, så trekkjer vi ein vinnar!

Jeff trivdes veldig godt da han var på Todalshytta på låtskrivarseminar, og på konsert på Gammelfabrikken, og nedafor har vi ei lita helsing har har sendt oss:

«Jeg vil gjerne skrive en hilsen til Todalens innbyggere for å takke dem på ordentlig for hvordan de tok imot oss låtskrivere siste juni på konserten på møbelfabrikken. Dere er heldig som bor i en verdens mest inspirende stedene. – Her skrev jeg og Claudia «Hymn to Her», og på plateomslaget har jeg prøvd å gjenskape Todalens natur og omgivelser – og ånden.  Hilsen Jeff»

Du finn meir info og kan kjøpe CD’n på heimesida til Jeff Wasserman

 

Publisert: 20. februar 2016, 17:25