Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalskoret med «Vandring i faste» i Øye kyrkje

Jon Olav Ørsal Måndag 15. februar 2016

Ondag 17. februar kl 19.30 er Todalskoret/Åsskard kyrkjekor gjestar  i Øye kyrkje,saman med sin dirigent Bernt Bøe.  Dei vil mellom anna framføre den vakre Folketonemessa  som er skreve og arrangert av Bernt G.Bøe  over folketonar frå Todalen .

Tidlegare sokneprest i Surnadal,  Torbjørn Brøske ,  vil halde ein tekstmeditasjon  og  vi syng salmar som er knytte til den tida  i kyrkjeåret vi no har gått inn i. Ved orglet sit kantor Oddveig Helset Halle og  Eldbjørg Berset syng solo på nokre av salmane. Kollekten denne kvelden går til Kirkens Nødhjelp – fasteaksjonen.

Alle er velkomne til denne kveldstunda i Øye kyrkje!

Publisert: 15. februar 2016, 13:10