Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for oktober, 2015

Vi fann 82 artiklar i dette arkivet.


Besøksvenn – Det er enno plass på kurs

Jon Olav Ørsal Onsdag 14. oktober 2015

Besøkstenesta i Surnadal Røde Kors skal arrangere kurs i for å bli besøksvenn. Første kurskveld er tysdag 20. oktober, og det er enno plass på kurset, melder Surnadal Røde Kors i ein e-post til Todalen.no


Kvanne- Rykkjem var ute av drift til ca 11.00

Elinor Bolme Tysdag 13. oktober 2015

Fergesambandet Kvanne-Rykkjem er for tida ute av drift etter ei grunnstøting i morgontimane. NRK Møre og Romsdal melder i si nyheitssending kl 8.30 at dette kan ta tid då ny ferge må innsettjast i drifta. Siste melding frå Fjord 1 er at ruta er forventa i drift kl 11.00 da dei får bistand frå eine ferga mellom Halsa-Kanestraum. Noko som kan føre til dårlegare tilbud der.


Gratis formiddagskaffe og bingo

Elinor Bolme Tysdag 13. oktober 2015

Neste måndag, den 19. oktober mellom klokka 11.30 og 13.00 blir det i samarbeid med Surnadal videregåande skule og Todalen Sanitetsforening arrangert formiddagskaffe til alle pensjonistar i Todalen igjen. Dette er i forbindelse med læreplana til ein klasse med 16 gutter og jenter som i år går helse- og oppvekstlinja på Surnadal vgs.


Barneidrett for elevar ved Stangvik Oppvekstsenter

Elinor Bolme Måndag 12. oktober 2015

Kommande veke startar Barneidrettsgruppa i IL Søya opp gjen med barneidrett i gymsalen på Stangvik Oppvekstsenter. Beate Kristine Svendsli Nes og Liv Heidi Kvande vil ha ansvaret for den yngste gruppa, medan Vegard Kvande Moen og Anne Saltrø Polden vil ta seg av dei to eldste gruppene på onsdagar. Dei ser an oppmøtet frå dei ulike trinna, og tek ei justering etter kvart dersom dei ser behov for det etter oppmøte.


Fra Todalen til Molde, Trondheim og Surnadal

Mari B. Redalen Sundag 11. oktober 2015

Jeg heter Eirin Torheim Rendal og er født 31. august 1993. Min mor heter Anne Grethe Torheim og min far Jan Ludvik Rendal. Jeg har også en eldre bror som heter Frode. Jeg er oppvokst på Halsen (ved Halset bru), og på Ljosheim


I kveld: Ny sjakkrunde på Matkroken

Jon Olav Ørsal Sundag 11. oktober 2015

Sjakkgjengen minner om at det er ny runde på Matkroken søndag kveld kl 19.30. Alle som har lyst kan kome og bli med – både gammel og ung, fortel Trygve Halle som er ein av initiativtakarane. Det er trivelege og uhøgtidlege kveldar som blir arrangert annakvar søndagskveld i kaffekroken på butikken. På etterjulsvinteren blir det lagt opp til turnering og finale i løpet av påskehelga.


Vellukka og triveleg konfirmantfest

Dordi Jorunn Halle Sundag 11. oktober 2015

Laurdag kveld inviterte soknerådet til konfirmantfest i Ungdomshuset. Sokneprest Bernt Venås ønskte alle velkomne til ein enkel, stille og roleg fest der sosialt samver var det viktigaste. Og det vart ein riktig så fin kveld med god og triveleg prat, nydeleg gryterett og gode kaker. Søndag 27. juni 1965 var det heile tolv konfirmantar i […]


Flyktningaksjonen engasjerer sanitetskvinnene

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. oktober 2015

I dag var det rekorddeltaking på strikkekafeen i Sanitetshuset – eit lite trettital var i full sving med strikkepinnane da vi stakk innom. Det vart servert nystekt eplekake og kaffe til alle som var innom – både sosialt, triveleg og ikkje minst nyttig seier Elinor Bolme som forøvrig er fylkesleiar for sanitetskvinnene i Møre og Romsdal.


Kronhjort i første jaging – oppdatert

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. oktober 2015

Jaktlaget på sørsia som har jaktområde frå Bruset og nedover til og med Halset tok ein fin kronhjort i første jaging i dag. Dei jaga området frå Haukåa og innover, og her kom altså storbukken og gikk «rett i garnet» 2-300 meter ovafor Ungdomshuset. Eit par velretta skot frå Roger Halvorsen sendte 12-takkeren rett i bakkan.


Bygger ut fjøset for mjølkproduksjon

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. oktober 2015

I haust har det vore stor byggeaktivitet i Pestua. Oksefjøset som vart bygd i 2007, og teke i bruk i byrjinga av 2008, blir no bygd om og utvida med ei avdeling for mjølkeproduksjon. Det «gamle fjøset får i samband med omlegginga tilbygg i begge endar – tilsaman rundt 940 m2, så heile fjøsbygget blir på knappe 2500 m2 når det står ferdig rundt juletider. Denne veka vart veggelementa frå Elementfabrikken ved MøreRoyal levert, og da vart faktisk Svinviktunellen for liten…


Månadens bilete: Kvennaferjå i solnedgang

Ole Petter Talgø Fredag 9. oktober 2015

For september kan vi gratulere Ingri Bruset som vinnar av månadens bilete med «Kvennaferjå i solnedgang» med over femti av dei 200 stemmene, som også vann månadens bilete forrige månad. Alle dei andre bileta fekk rundt tjue stemmer kvar. Nedanfor finn du alle månadens utvalgte bidrag. Vi gratulerer og lovar at premien overleveres ved første anledning.


Avslutning på stavgangsesongen med graut, bakels og trollkrem

Vidar Sogge Fredag 9. oktober 2015

Torsdag 8. oktober møtte 37 stavgangarar i Surnadal Pensjonistlag ved Vang Skiarena. Dette er siste stavgangturen i år, og derfor blir det som tradisjonen er, servert graut, bakels og trollkrem. Til avslutning gav Jorunn Ness blomster til styret i Stavganggruppa, grautkokarar, bakelssteikarar og mellom dei Brit Nordvik, som fylte år i dag. I tillegg vanka […]