Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kronhjort i første jaging – oppdatert

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. oktober 2015

Jaktlaget på sørsia som har jaktområde frå Bruset og nedover til og med Halset tok ein fin kronhjort i første jaging i dag.  Dei jaga området frå Haukåa og innover, og her kom altså storbukken og gikk «rett i garnet» 2-300 meter ovafor Ungdomshuset.  Eit par velretta skot frå Roger Halvorsen sendte 12-takkeren rett i bakkan.

Dermed vart det samling og transport til Øya, der det vart slakting. Det var ein flott kronhjort i godt hald, og medan den låg på slaktarbenken vart det tippa vekter frå 120-140 kg, men da den vart hengt opp stoppa vekta på nøyaktig 120 kg.

Søndag vart det også resultat av jakta mellom anna ein 13-spiring som kom på posten til Ståle Ansnes, og som er avbilda lengst ned.

Roger Halvorsen fikk ein fulltreffar på 12-spiringen under jaging. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Ståle Ansnes med 13-spiringen som fall under jakta søndag. Foto: Rune Moe

Først publisert: 10. oktober 2015, 12:50 - Sist oppdatert: 12. oktober 2015, 15:04