Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kvanne- Rykkjem var ute av drift til ca 11.00

Elinor Bolme Tysdag 13. oktober 2015

Fergesambandet Kvanne-Rykkjem er for tida ute av drift etter ei grunnstøting i morgontimane.  NRK Møre og Romsdal melder i si nyheitssending kl 8.30 at dette kan ta tid då ny ferge må innsettjast i drifta. Siste melding frå Fjord 1 er at ruta er forventa i drift kl 11.00 da dei får bistand frå eine ferga mellom Halsa-Kanestraum. Noko som kan føre til dårlegare tilbud der.

«Solnør» ligg no ved kai og ventar på dykkarar som skal sjå på skadeomfanget skriv Driva.no på si heimeside. Omkjøring via Halsa for dei som ferdast i området.

Frå kl 11.15 kom MF «Tingvoll» frå sambandet Halsa – Kanestrøm og tok over trafikken mellom Kvanne – Rykkjem, medan MF Solnør går for eiga maskin til verkstadopphald i Kristiansund .

 

Publisert: 13. oktober 2015, 08:56