Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Avslutning på stavgangsesongen med graut, bakels og trollkrem

Vidar Sogge Fredag 9. oktober 2015

Torsdag 8. oktober møtte 37 stavgangarar i Surnadal Pensjonistlag ved Vang Skiarena. Dette er siste stavgangturen i år, og derfor blir det som tradisjonen er, servert graut, bakels og trollkrem. Til avslutning gav Jorunn Ness blomster til styret i Stavganggruppa, grautkokarar, bakelssteikarar og mellom dei Brit Nordvik, som fylte år i dag. I tillegg vanka det blomster til to over 90 år.

Med dette vil vi takka alle som har delteke på turane våre for ein fin sesong. Likeeins takk til todalen.no og Trollheimsporten, som har teke imot og publisert stoff frå turane våre. Takk til alle som har kome med forslag til nye turmål, og til dei som har teke imot oss med opne armar når vi har kome heim til dei. Også i år har det vore godt frammøte, og i snitt har deltakartalet vore over 30 personar pr. tur! Takk for i år og vel møtt neste sesong!

Bildegalleri frå sesongslutten på Vang skistadion   Foto: Sigrun Ørsal og Vidar Sogge.

 

Først publisert: 9. oktober 2015, 08:00 - Sist oppdatert: 8. oktober 2015, 22:17