Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for oktober, 2015

Vi fann 82 artiklar i dette arkivet.


Tekniske problem

Elinor Bolme Måndag 5. oktober 2015

I dag har vi som fleire kanskje har lagt merke til hatt utfordringar med nettsida vår. Dette kjem seg av ustabilitet hos vår server som vi desverre ikkje rår med. Ei ulempe med dette er at vi ikkje har dekning heile tida, og at vi ikkje får sett opp bildegalleria vår slik som vi brukar. De må nok i alle fall på kommande sak gå inn på kvart enkelt bilde for å sjå dei, samt kommentarane da dei ikkje har «småbilder» som vanleg.


Kom heim att og gikk rett i garnet…

Jon Olav Ørsal Sundag 4. oktober 2015

Ein feittfinneklipt laks gikk rett i garnet til stamlaksfiskarane i går kveld. Det var ein holaks som har ”vokse opp” i Rossåa settefiskanlegg og som vart sett ut i Toåa for 2-3 år sia som bokstaveleg talt gikk rett i garnet i Raubekkhølen. Da den vart sett ut var den 2 års smolt, men no var det ein flott laks på rundt 4 kg som kom att.


Byggmakker og Hageland justerer opningstida frå måndag

Jon Olav Ørsal Sundag 4. oktober 2015

Frå måndag 5. oktober justerer Byggmakker Surnadal og Hageland Surnadal sine opningstider. Byggmakker er på kvardagar open frå 07 – 17 og laurdag fra 09 – 15, medan Hageland på kvardagar er ope frå 09 – 17 og laurdagar i tidsrommet 09 – 15.


Klart for basarstemning

Elinor Bolme Laurdag 3. oktober 2015

Det var i dag hektisk aktivitet i Sanietshuset der nokre damer i Todalen Sanitetsforening rigga i stand til basar. For med ei overflod av gevinstar tek slike ting litt tid. Men med lang fartstid, sirlege handskrevne gåvelister og god planlegging blir nok damene klare til årets sanitetsbasar i morgon. Som tidlegare vil det bli eige barnebord og dagens bord som det kun blir solgt lodd på under baseren.


Full trøkk med sal – og fortsett på søndag

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. oktober 2015

Det var jamn trafikk oppover Dalavegan i samband med salet på Kårvatn Fjellustyr. Dei fleste var nok utgått på handel, men det var også mange som kombinerte og nytta det fine haustvêret til å ta seg ein tur til Nauståfossen eller oppover lia til Naustådalen. På «låven» hos Kårvatn fjellutstyr var det i allfall mange kundar som var ute etter ein go’handel på klær eller skiutstyr, som fortsett både søndag og heile neste veke.


Rundtur på Røsmoen og besøk i bunkeren

Vidar Sogge, tekst Laurdag 3. oktober 2015

Torsdag 1. oktober besøkte stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag bunkerane ved Røsmoen på Skei. Vi startar ved Coop Extra på Skei og går eit stykke i retning det gamle Svorka-bygget før vi svingar ned mot Røsmoen, forbi Stykket, heimplassen til Hans Hyldbakk, og dreier opp mot bunkerane.


Nytt frå Surnadal og Rindal Revmatikerforening

Elinor Bolme Fredag 2. oktober 2015

Surnadal og Rindal revmatikerforening melder om at bassengtreninga i Surnadal symjehall utgår i uke 41, ettersom symjehallen held stengt i haustferien. Frå og med uke 42 er det igjen klart for oppvarma basseng med 34 grader i vatnet og med instruktør Joanna Magdalena Hyllbakk mellom 19.30- 21. Foreninga ønsker også å orientere om den planlagte turen […]


Sesongstatus med både nedtur og opptur

Jon Olav Ørsal Fredag 2. oktober 2015

Som ei oppsummering på sesongen som er ferdig må eg tilstå at eg er litt misfornøgd med sommarvêret vi har hatt i år – spesielt når vi samanliknar med sommaren som var i fjor. Det har medført at vi har stor nedgang i talet på fotturistar og drop-in-gjestar, men lyspunkta har vært laksefiskarane og konsertane.


12 nye vegnamn i Todalen -oppdatert

Elinor Bolme Fredag 2. oktober 2015

Mange husstandar i Todalen har dei siste dagane fått brev frå Surnadal kommune vedrørande nye vegnamn. No har redaksjonen også fått tilsett ei komplett liste over dei. I følge oppsettet er det no berre Lauvåskogen, Dalavegen, Sissigrenda og nokre hytter som manglar adresse i Todalen, etter den 22. oktober.


52-17 søndagsturen -på leiting etter Midgardsormen ved Ormebolet

Elinor Bolme Fredag 2. oktober 2015

Søndagens tur går til Leirplassen, som Halsa 4H har opparbeidet seg ved Megårdsvatnet. En flott friluftsplass for alle aldersgrupper. Her ligger “Ormebolet” som er en ny grillhytte, som 4H har satt opp på dugnad. Fra Felleskjøpet og opp til Megårdsvatnet er det en barnevennlig tur på grusveg.