Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kom heim att og gikk rett i garnet…

Jon Olav Ørsal Sundag 4. oktober 2015

Ein feittfinneklipt laks gikk rett i garnet til stamlaksfiskarane i går kveld. Det var ein holaks som har ”vokse opp” i Rossåa settefiskanlegg og som vart sett ut i Toåa for 2-3 år sia som bokstaveleg talt gikk rett i garnet i Raubekkhølen. Da den vart sett ut var den 2 års smolt, men no var det ein flott laks på rundt 4 kg som kom att.

Todalen elveeigarlag er no i innspurten på stamlaksfisket og har alt 5-6 hannar og fleire hoer på plass i stamlakshuset. Men under gentesten var det eit par hoer som ikkje vart godkjent, og derfor vart det ein ny runde for å få fleire hoer. Og no begynner det å haste, for om 2-3 veker startar gytinga i elva, og da er det for seint å fiske stamlaks. Søndag kveld var vassføringa i Toåa i største laget for stamlaksfiske, men med finvêrsmeldingar for neste veke vil nok det ordne seg, slik at ein får nok stamfisk til å føre Toåa sine genar vidare.

Leiar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset med den feittfinneklipte laksen. Foto: Jon Olav Ørsal

No er også statistikken for årets fiske klar, og etter eit par svake årets resultat på veg til å nå gjennomsnittet for dei 10 siste åra, og ein kan vel seie at det nærmar seg normalår, seier leiar i elveeigarlaget Ola Bruset. Denne sesongen er det teke 99 laks i Toåa. Total fangst i kg er 281, med ei gjennomsnittsvekt på 2,84 kg. I 2014 var det ein katastrofal sesong med berre 55 laks og ei gjennomsnittsvekt på 1,68 kg. Dei tre siste åra har det vore lite storlaks over 7 kg, men det har vore bra med mellomstor laks og kan vel tyde på at vi får sjå meir til storlaksen neste år. Det har vel litt å seie at sesongen har vorte korta ned dei siste åra – vi kjem seinare i gang og avsluttar tidlegare no enn før. I årets sesong er det selt 125 fiskekort i Toåa, og det er ei betydeleg auke samanlikna med fjoråret på 88, men ein betydeleg nedgang samanlikna med dei åra ein hadde utvida aurefiske til midten av september.

Les også om laksefisket i Toåa på www.todalslaks.no

Bildeserie frå stamlaksfisket – dei som deltok var leiar i elveigarlaget Ola Bruset, Ole Martin Øyen og Bjørnar Aasbø. Bjørnar er stamlaksansvarleg ved Rossåa settefiskanlegg.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 4. oktober 2015, 22:35 - Sist oppdatert: 5. oktober 2015, 09:19