Det var jamn trafikk oppover Dalavegan i samband med salet på Kårvatn Fjellustyr. Dei fleste var nok utgått på handel, men det var også mange som kombinerte og nytta det fine haustvêret til å ta seg ein tur til Nauståfossen eller oppover lia til Naustådalen. På «låven» hos Kårvatn fjellutstyr var det i allfall mange kundar som var ute etter ein go’handel på klær eller skiutstyr, som fortsett både søndag og heile neste veke.

Kårvatn fjellutstyr held til i «låven» – laurdag var det stor trafikk i samband med haustsalet. Foto: Jon Olav Ørsal
Vi var innom ein snartur på føremiddagen, og da var det hektisk aktivitet både i kassa og i underetasjen der det var rigga til med utstillinga av randonee-ski og monteringa av bindingar. Søndag er butikken open frå 12-16, og i neste veke er opningstida for måndag, onsdag og fredag frå 10-16 medan det er langope frå 10-19 på tysdag.

Stort utval i randonee-ski – vi tilpassar utstyret etter det behovet du har, seier lars Inge Harrang. Foto: Jon Olav Ørsal