Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bygger ut fjøset for mjølkproduksjon

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. oktober 2015

I haust har det vore stor byggeaktivitet i Pestua. Oksefjøset som vart bygd i 2007, og teke i bruk i byrjinga av 2008, blir no bygd om og utvida med ei avdeling for mjølkeproduksjon. Det «gamle fjøset får i samband med omlegginga tilbygg i begge endar – tilsaman rundt 940 m2, så heile fjøsbygget blir på knappe 2500 m2 når det står ferdig rundt juletider. Denne veka vart veggelementa frå Elementfabrikken ved MøreRoyal levert, og da vart faktisk Svinviktunellen for liten…

Men det skapte ikkje noko stort problem, for gammelvegen rundt Kammen (Svinvikhamran i daglegtale) er intakt, og med felling av eit par tre og løfting av ein telefonkabel så var vegen farbar med trekkbilen og svanehalshengaren med lasten som var over 5 meters høg. Dermed kom elementa trygt fram til byggeplassen i Pestua, der snekkarar og mobilkran stod og venta for å starte monteringa. To lass gikk frå Elementfabrikken i Surnadal til Todalen på denne måten og inneheld alle veggelementa til den eine enden av fjøset som skal innehalde forsentralen.

På andre enden av fjøset, mot aust, er entreprenøren Fjøssystemer godt i gang med grunnarbeidet til det som skal bli mjølkefjøs, med plass til to mjølkerobotar og elles kontor og servicefunksjonar. Her vart det siste betongarbeidet utført torsdag, og snarte er det klart for legging av spaltegolv før montering neste omgang med montering av  veggelement kan starte. Snart vil begge dei to nybygga kome under tak, og dersom alle leveransar og montering av utstyr går etter plana skal det «nye» fjøset kunne takast i bruk før vi startar årets julefeiring.

Etter plana skal det produserast mykje mjølk i dette anlegget. Etter kvart skal det over hundre mjølkekyr på plass i fjøst, fortel Anders A. Karlsen og dei vil etter kvart ha ein mjølkekvote på rundt 900.000 liter. Mellom anna skal alle kyrne til Todalen Samdrift inn i det nye fjøset, men også fleire buskapar og mjølkekvotar er handla inn med tanke på drifta i nyfjøset. I tillegg til mjølkeproduksjonen vil det framleis bli kjøttproduksjon med rundt 300 oksar. Oksane flyttes til gammelfjøset når de er rundt 5 månader gamle – det nye fjøset er i prinsippet eit hodyrfjøs.

Litt fakta:
Drifta ved det nye fjøset er det Todalen Mjølk DA som står for.  Anders A. Karslen og Ståle Ansnes eig 50 % kvar i produksjonsselskapet, medan det er Pestua gard AS som eig fjøset, med Anders A. Karlsen som einaste aksjonær. I tillegg til eiga jord leiger selkapet mykje jord, både rundt omkring i Todalen og i Lykkjebygda – tilsaman har dei over 2000 dekar som dei disponerer til grasproduksjon.

Vi har laga eit lite bildegalleri frå transporten av veggelementa frå Surnadal til Todalen og frå monteringsarbeidet i Pestua.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 10. oktober 2015, 06:00