Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2014

Vi fann 86 artiklar i dette arkivet.


Sesongstart for sykkeltrimmen

Sverre Kjølstad, tekst og foto. Sundag 4. mai 2014

Årets 1. sykkeltrim startet søndag 4. mai. Mens forrige uke kunne varte opp med temperaturer opp mot 20 – tallet, ble det en skikkelig nedtur i inneværende uke med tette snøbyger nesten hver dag. Vi får håpe at dette var de siste krampetrekninger av vinteren, og at vi går varmere tider i møte. Når temperaturen går ned mot 5 – tallet er det heller ingen stor fornøyelse å dra på sykkeltur.


Søte små kunstverk

Elinor Bolme Sundag 4. mai 2014

Det er nok ikkje til å stikke under ein stol at todalingane vil vera sjølvbergande på det meste. Her er både butikk, post i butikk, drivstoff til alle døgnets tider, møbelfabrikk, skule, barnehage, sportsbutikk, overnatting, fotterapi, middagsservering, ja berre for å nemne litt. Det kanskje ikkje alle visste fantes i bygda, er tilbudet om neglepleie.


Lykke til med livet!

Jon Olav Ørsal Sundag 4. mai 2014

Det var avslutningsorda i sokneprest Bernt Venås fine preken til konfirmantane, under konfirmasjonsgudstenesta i Todalen kyrkje søndag 4. mai. Det var nærast fullsett kyrkje, da dei 3 konfirmantane; Ole Stensby, Frikk Hauglann Talgø og Thea Saksen Ulvund vart konfirmert og dermed trer inn i dei vaksnes rekkjer.


Ein uformell møteplass

Elinor Bolme Sundag 4. mai 2014

Skulstuas venner held i går ope hus i Skulstuå med servering av saft, kaffe og kaker på ein elles så nitrist vêrdag. Eit absolutt godt tiltak for å få ut folket i bygda. For det er nok i kjennsgjerning, at å dukke opp hos naboen på uventa besøk over ein kaffekopp, nei det gjer vi ikkje lenger… Då er Skulstua sine laurdagstreff ein fin anledning til å treffe både naboar, kollegaer og kanskje stifte nye bekjenntskap.


Årets første liljekonvall?

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. mai 2014

Årets første liljekonvall er på plass 3. mai. Det er Jon Bruset som har ein tidleg plass i Hallabergå ein stad, der liljekonvallen er tidleg ute kvart år.  Som oftast nærmar det seg nok 17. mai før den er på plass, men dei varme vårdagane har nok sett på framdrift, sjølv om snøbygene dei siste […]


Svinviks Arboret snart klart for åpning

Elinor Bolme Laurdag 3. mai 2014

Laurdag 10. mai kl 12 er det klart for sesongåpning i Svinviks arboret. Ein unormal vinter gjer det spennande å ta fatt på ein ny sesong i den gamle botaniske hagen kjent for fleire hundre artar og kultivarar av rododendron, eit stort utval bartre og mange uvanlege og eksotiske lauvtre og prydbuskar.


Mobiliserer for måling av kyrkja – 12 år sia sist!

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. mai 2014

Det er no 12 år sia kyrkja sist vart måla på ein storstila målardugnad. No er tida komen for ei ny ansiktsløfting, og planlegging av ny målardugnad er på gang. Planlegginga er i full gang, og alt i neste veke satsar vi på å starte arbeidet. Det er nedsett ein komité for å legge til rette for dugnadsarbeidet, som består av Ola Bruset og Knut Halset frå soknerådet som har fått med seg Ragnhild Ansnes Moe og Ragnar Halle i tillegg.


Stavgang i «gaupeterreng»

Vidar Sogge, tekst og foto Laurdag 3. mai 2014

Fredag 2. mai skulle stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Brøskjehagen i Stangvika. Om morgonen vakna vi til kald vind med snøvèr, og det spøkte for at i dag ville ingen møta opp. Men etter kvart letta snøvèret, og i eitt-tida da vi starta marsjen, var det 18 glade vandrarar som la i veg utover mot Brøskjehagen. Her i Stangvika var våren komen langt, med grøne ekrer og blomstrande frukttre.


Nok ein seier til A-laget

Knut Bergli Fredag 2. mai 2014

I ruskete vær i kveld fredag kom Valsøyfjord på besøk til Banksletta for å spille mot våre beste fotballmenn. Søya/Todalen tok tidlig ledelsen 2-0 og var klart best første halvdel av første omgang. Skåringer av Ola Talgø og Erling Øye. Så slapp S/T gjestene inn i kampen igjen. De skåret et mål og kjørte kampen resten av omgangen.


Søndag: Konfirmasjon i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Fredag 2. mai 2014

Søndag 4. mai kl 11.00 er det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje, med sokneprest Bernt Venås.  Det er i år 3 konfirmantar i Todalen sokn; Ole Stensby, Frikk Hauglann Talgø, Thea Saksen Ulvund.  Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.    


Månadens bilete: Todalsøra

Ole Petter Talgø Fredag 2. mai 2014

For mars kan vi gratulere Kristine Saksen Ulvund som vinnar av månadens bilete med «Todalsøra». Sjølv om våren har teke eit kvileskjær akkurat no i Todalen, er vi sikre på at det er mange fine motiv som kan sendas inn til oss som bidrag til dagens bilete.


NetCom har feil på GSM i Todalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. mai 2014

Dersom du er uten signal på NetCom-telefon har det si naturlege forklaring. GSM-basen i Todalen er ute av drift. medan 3-basen fungerer som normalt. Har du ny og moderne telefon som er førebudd på 3G, så har du altså normalt signal, medan eldre og enkle telefoner kun for GSM så har du problem! Du kan ha eit svakt signal enkelte plassar i bygda, med du blir da betjent frå ein base utafor bygda og dermed berre 1 til 2 «klossar».