Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2014

Vi fann 86 artiklar i dette arkivet.


17. mai: Blir du med på korpsdugnad?

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. mai 2014

Det er vel dei fleste som ønskjer korpsmusikk i folketoget på nasjonaldagen. Dei siste åra har dette vore arrangert som ein «korpsdugnad», og det vil ein også prøve i år. Frode Grønmyr vil prøve å samle alle gode krefter til ein slik dugnad, og skriv i ein e-post til Todalen.no: «Som vanleg prøvar vi å få til eit lite korps i Todalen til 17.maitoget. Vi skulle gjerne vore fleire, og spelar du eller har spela eit korpsinstrument er du hjerteleg velkommen til å bli med.


Frå Halset til Trondheim

Elinor Bolme Torsdag 1. mai 2014

Nok ett blogginnlegg er klart. Denne gongen frå ein halsetgarding busett på Byåsen i Trondheim. Finn deg ein kaffekopp i gråveret (som vi alle fall har her i Todalen) og sjå kva Arve sysslar med.