Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

NetCom har feil på GSM i Todalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. mai 2014

Dersom du er uten signal på NetCom-telefon har det si naturlege forklaring. GSM-basen i Todalen er ute av drift. medan 3G-basen fungerer som normalt. Har du ny og moderne telefon som er førebudd på 3G, så har du altså normalt signal, medan eldre og enkle telefoner kun for GSM har problem!  Du kan ha eit svakt signal enkelte plassar i bygda, men du blir da betjent frå ein base utafor bygda og dermed berre 1 til 2 «klossar» i signalstyrke.

Ifølge pålitelege kjelder vil  NetCom GSM bli ordna på fredag.  Denne gongen er det altså ikkje tilførselslinja inn til bygda det er feil på, men derimot ein komponent i sjølve basen som er defekt og må skiftast ut.

Siste: Feilen er i løpet av fredag oppdatert, og da skal også Netcom GSM være på lufta igjen og i full drift!

Først publisert: 1. mai 2014, 22:03 - Sist oppdatert: 2. mai 2014, 22:43