Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mobiliserer for måling av kyrkja – 12 år sia sist!

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. mai 2014

Det er no 12 år sia kyrkja sist vart måla på ein storstila målardugnad. No er tida komen for ei ny ansiktsløfting, og planlegging av ny målardugnad er på gang. Planlegginga er i full gang, og alt i neste veke satsar vi på å starte arbeidet. Det er nedsett ein komité for å legge til rette for dugnadsarbeidet, som består av Ola Bruset og Knut Halset frå soknerådet som har fått med seg Ragnhild Ansnes Moe og Ragnar Halle i tillegg.

VinduSkade_0857

På vêrveggen er det også behov for å skifte eit av glasa. Dett må gjerast i same slengen. Frå v. Ola Bruset, Ragnar Halle og Ragnhild A. Moe. Foto: Jon Olav Ørsal

Plana er at kyrkja skal få ein skikkeleg utvendig vask, før ein startar målararbeidet. Det har etter kvart danna seg mykje sopp som må vaskast og skurast vekk, men kyrkjehuset er på langt nær så soppskadd som sist, og det blir nok ein atskillig enklare jobb denne gongen, seier Ragnar Halle i dugnadskomiteen.

Tysdag 6. mai startar arbeidet med vasking. Første pulje kl 11 og andre pulje kl 18. Torsdag 8. like ens, og forsett laurdag 10. mai om det trengs. Dugnadskomiteen håpar at mange stiller på dugnad, og det ville være fint om du melder deg på til Ragnar Halle (tlf 986 57 743) , eller Ragnhild A. Moe (tlf 922 02 656) dersom du vil være med og ta eit tak. Elles vil dugnadskomiteen satse på å ta kontakt for å rekruttere dugnadsfolk. Dugnadskomiteen håpar også det er nokon som har tid til å ta eit tak på dagtid.

Soppskade_0848_L

Mykje sopp som må vaskast vegg før målararbeidet startar. Foto: Jon Olav Ørsal

Når det gjeld finansiering av prosjektet så vil kyrkjeleg fellesråd dekkje målingskostnadene, medan arbeidet som sagt blir gjort på dugnad. Talgø har sagt seg villig til å låne bort ein lift til arbeidet, og Surnadal kommune vil også stille med lift.

Historikk

Sist kyrkja vart vaska og måla var som sagt i 2002. Den gongen hadde dei eit budsjett på rundt 195.000 for prosjektet i sin søknad til kommunen. Men løysinga vart kronerulling og private gåver som på til saman ga 37.000.  Det vart kjøpt inn 170 liter måling og kostnadane enda til slutt på 21.200 for heile prosjektet. Da vart det pengar til overs til ei lita takkemarkering som vart markert med ein grillkveld til dugnadsfolket.

Spyling_0970

Dugnadsgjengen i gang med vêrveggen på kyrkja under dugnaden i 2002. Den gongen var nok målinga på kyrkja i dårlegare forfatning enn i dag. Arkivfoto frå 2002: Jon Olav Ørsal

2002_04_26_kirkemaling_L

Målararbeid ved bruk av lift i 2002. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 3. mai 2014, 14:37 - Sist oppdatert: 4. mai 2014, 17:14