Årets første liljekonvall er på plass 3. mai. Det er Jon Bruset som har ein tidleg plass i Hallabergå ein stad, der liljekonvallen er tidleg ute kvart år. Som oftast nærmar det seg nok 17. mai før den er på plass, men dei varme vårdagane har nok sett på framdrift, sjølv om snøbygene dei siste dagane har bremsa opp voksteren.