Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2014

Vi fann 86 artiklar i dette arkivet.


Fiffar opp uteanlegget på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Onsdag 14. mai 2014

Gjeldnes Maskin er i gang med å pusse opp uteområdet ved Todalshytta. Den siste biten av vegen opp til parkeringsplassen blir utvida og forbedra, og blir no støtta opp med ein mur mot sanitærbygget. Området mellom parkeringsplassen og hytta er også ordna, og det er planta rododendron i heile skråninga frå Ishuset og utover.


Stavgang: Tre vegar i kvart sitt hundreår, det er vegane inn til Todalen.

Vidar Sogge Onsdag 14. mai 2014

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest i Svinvika den 13. mai for å markera Verdens aktivitetsdag. Johs. Vaag, som denne dagen vikarierte for Martinus Torvik, ønskte alle velkomne og fortalde om aktiviteten i Stavganggruppa. Han fortalde at Stavganggruppa vart etablert hausten 2008 og har sidan vore i aktivitet kvar torsdag om våren og ettersommaren/hausten. Dei marsjerer i om lag to timar og avsluttar med niste og kafferast.


Inviterer til skytekveld

Elinor Bolme Tysdag 13. mai 2014

Jo Kvande Hansen på Intersport inviterer i samarbeid med Nordskog AS til stor skyttarkveld på Angråmyra i kveld kl 19. Her blir det muligheit for å prøve Browning rifler og hagler for alle interesserte. Nordskog AS er ein av landets fremste våpendistributørar, og Intersport med Jo i spissen er retteleg fornøgd med at dei no kjem til Surnadal for å vise fram produkta sine.


Stem på månadens bilete for april

Ole Petter Talgø Måndag 12. mai 2014

Då er vi klare for å kåre vinnaren av månadens bilete for april, og her finn du kandidatane som er plukka ut for april.


Målardugnaden fortsett….

Jon Olav Ørsal Måndag 12. mai 2014

Måndag kveld sluttføres arbeidet med skraping og vasking av kyrkja. Tysdag, onsdag og torsdag er det klart for innsats med målarkosten. Dugnadskomiteen treng frivillige som kan ta del i arbeidet både på dagtid og på kveldstid, fortel dugnadssjef Ragnar Halle.


Nettverkstreff på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Måndag 12. mai 2014

Surnadal og Sunndal kommunar har det siste året hatt ei nært samarbeid om næringsutvikling i dei to kommunane. Fredag kveld inviterte dei eit 50-tals næringslivsfolk og andre frå dei to kommunane til treff på Talgø utstillingssenter i Todalen for å orientere om arbeidet som er gjort og for å få innspel frå næringslivet til det vidare samarbeidet.


17.maifeiringa på Nordvik

Elinor Bolme Måndag 12. mai 2014

I år er det 200-årsjubileum for grunnloven og derfor har grunnlovskomiteen i kommunen invitert alle skolekretsane til å delta i eit felles 17. mai tog på Skei kl. 1300.

Dei som ikkje vil til Skei å gå i tog, kan delta i Nordviktoget.


Traktorpulling: Viste musklar på Halsanaustan

Jon Olav Ørsal Sundag 11. mai 2014

Traktorpulling er nok ei ny sportsgrein her lokalt. Stornaustet på Halsanaustan var arena for førestillinga, der traktorar og sjåførar viste musklar i finvêret. Stornaustet er den gamle Halsaskulen, som Halsa Utvikling er i ferd med å overta. No er det etterbruken som det legges vekt på, og søndagens arrangement med traktorpulling er eit slik eksempel på etterbruk.


Korkonsert i Stangvik kyrkje

Jon Olav Ørsal Sundag 11. mai 2014

Det franske barnekoret ”La Maitrise de Conservatoire d’Asnieres sur Seine” som gjesta Stangvika i førre veke, avslutta visitten med konsert i Stangvik kyrkje laurdag, saman med barnekoret Jubilate frå Surnadal og Stangvik jentekor.


Vindua kom til nytte!

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. mai 2014

Hugsar du saka vi laga om dei gamle vindua som rett og slett var grytta utfor gammelvegen utmed Kammen? Denne saka fannn ikkje si løysing, men no er vidua frakta bort, og dei kjem faktisk til nytte igjen. Olve Høivik er i ferd med å realisere planer om eit lite drivhus, basert på gjenbruk av gamle vindu. Han var i kontakt med Trond og Sven Olav Svinvik, og fekk tips om vindua som låg i sjøkanten.


Turtips – kveldstur til Svinvikhammaren

Mari B. Redalen Laurdag 10. mai 2014

Nordvik grendalag har gjort en utmerka jobb med merking av turar i Nordviknaturen. Saman med Tove Talgø Brøndbo testa vi ein av turstiane som er merka, og førstevalet vart ein kveldstur med start fra Bleikhammaren. Men det viste seg og være ein svært kort tur, og da endra vi plana og gikk til Svinvikhammaren i staden.


Stavgang på frigjeringsdagen.

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. mai 2014

Den 8. mai, på sjølvaste frigjeringsdagen, drog Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Buret på P-øra i Bøfjorden, ein svært fin og intim serveringsstad med heilt spesiell atmosfære, og han ligg tett ved brua som går over til Bølandet i Bøfjorden. 34 deltakarar møtte, der om lag halvparten la turen innover langs nordsida av Åsskardfjorden med Olav Egil Ansnes som turleiar, medan resten gjekk over brua til Bølandet med Edna og Harry Skrøvset som guidar. Over alt vart vi møtte av vaiande flagg på kvite flaggstenger.