Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2014

Vi fann 86 artiklar i dette arkivet.


Månadens bilete: Hustadvika

Ole Petter Talgø Onsdag 21. mai 2014

For april kan vi gratulere Gjermund Øysteinsson Moe som vinnar av månadens bilete med «Hustadvika». Vi gratulerer og lovar at premien vil bli overlevert ved første anledning!


Startar på igjen på Tjønnmyra

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. mai 2014

Det står enno att ein del arbeid før TILs lysløypeanlegg på Tjønnmyra kan kan sluttførast. Den meste av den 1620 meter lange lysløypetraseen vart bygd vinteren 2012-2013, og fortsette hausten 2013. No er det klart for montering av rundt 25 pålar for lysarmaturane og finpuss av traseen og området omkring. Tysdag kveld var anleggskomiteen samla […]


Spennande og fartsfyllt kamp

Elinor Bolme Onsdag 21. mai 2014

Også det lokale G14 laget Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen har spela seriekamp denne veka. Dei møtte i går kveld serieleiar Hjelset/Kleive på Ålvundfjord Stadion. Hjelset/Kleive vann 5-3 mot eit kjempande KUST-lag. Motstandarane var kjappe og gode, men det var likevel ein spennande kamp for dei på sidelinja kan vår utegåande reporter Heid Snekvik fortelje.


5 minutt for lang omgang…

Elinor Bolme Tysdag 20. mai 2014

G12 laga Søya/Todalen og Surnadal møttes i eit fartsfylt lokaloppgjer på Bordholmen tirsdag kveld. Ein spenande og jamnspelt kamp der det sto 2-2 til pause. 5 minutt før slutt sto det 4-4, men så tok surnadalsgutane fram det lille ekstra og fekk inn heile 4 mål dei siste 5 minutta.


Arboretet: – Stauder frå oldemors hage til salgs

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. mai 2014

Sommarvarmen dei siste dagane har sett skikkeleg fart på blomstringa i Svinviks arboret. No er det verkeleg verdt å ta turen for å sjå og oppleve hagen som meir eller mindre står i full blomstring. Nytt tilbod i arboretet er salg av rhododendron og stauder. Dei satsar no på salg av staudar som marknadsføres under varemerket «Plantearven», der det inngår staudar som ein har funne i norske hagar langt attende i tid og som har ei fin historie å berette, fortel Katarina Wedelsbäck som er fagansvarleg i arboretet.


Kongebesøket krev litt reguleringar

Elinor Bolme Tysdag 20. mai 2014

Eit besøk frå det Kongelege Slott krev sine førebringar. I den anledning ønsker Surnadal kommune så klart å oppfordre alle som har anledning til å komme til folkefesten på Skei neste torsdag, om å gjere det. Dette innebærer naturlegvis litt administrering, som til dømes avstenging av vegen rundt Kulturhuset, minska parkeringmulegheiter og frakting av skuleelevar og dei eldste barnehageborna i heile kommunen.


Pensjonisttur til Aure

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. mai 2014

Tysdag 27. mai bers det til Aure for Surnadal pensjonistforening. Det blir start frå Surnadal kulturhus kl 9.00 med buss til Hendset, der ein går om bord i ferja til Arasvika. På turen blir det besøk i Aure kyrkje, Aure kjøpesenter og kaffe pause der. Etter ein stavgangtur går turen vidare via Kyrksæterøra.


Stangvik historielag utvider påmeldinga

Jon Olav Ørsal Måndag 19. mai 2014

Stangvik historielag inviterer medlemar og andre på tur til Sagelva vasskraftsenter i Brøstdalen i nærleiken av Bjorli. Det skjer torsdag 29. mai, og turen går til Romsdalen med buss frå Rykkjem. Turen går via Sunndalsøra og vidare over Visdalsheia til Åndalsnes og oppover Romsdalen til Brøstdalen.


Open dag på krigsminnesamlinga på Åsen

Jon Olav Ørsal Måndag 19. mai 2014

Indre Nordmøre forsvarsforening informerer om aktivitetar som skjer den næraste tida. 24. mai skal dei ha open dag på krigsminnesamlinga på Åsen. Det skjer i tidsrommet 12.00 – 15.30, og dei byr da på servering av kaffe og bakels, fortel Olav Jostein Holten. Krigsminnesamlinga held til i den gamle skulen på Åsen. INF har ei […]


Sommar med full trøkk …..

Jon Olav Ørsal Måndag 19. mai 2014

Etter ei finvershelg med staseleg feiring og skikkeleg sommartemperatur, viser langtidsvarselet at sommaren er i full gang. Vi er lova dagtemperaturar opp mot 20-talet, og det er det nok mange som har venta på. Det er nok mange som har venta med å plante ut sommarblomtrane, med tanke på faren for frostnetter.


Fotballen rullar for fullt

Elinor Bolme Måndag 19. mai 2014

Barne og ungdomsfotballen rullar for fullt. I dag blir det spela to kampar, ein på Bordholmen og ein på Bankslettå. På Bordholmen møter G12 Søya/Todalen eit av laga fra Surnadal kl 18. På Bankslettå er det J14 Kvass/Ulvungen/Søya /Todalen som også skal i kamp mot eit Surnadalslag, dei med kampstart kl 19.


Dametrimmen fortsett ute

Elinor Bolme Måndag 19. mai 2014

Dametrimmen har no avslutta innetreninga for sesongen, men har sletts ikkje slutta med trimmen for det!
Torsdag 22.mai blir det tur til Storhaugen, med avgang fra Todalshytta 18.30.