Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sommar med full trøkk …..

Jon Olav Ørsal Måndag 19. mai 2014

Etter ei finvershelg med staseleg feiring og skikkeleg sommartemperatur, viser langtidsvarselet at sommaren er i full gang. Vi er lova dagtemperaturar opp mot 20-talet, og det er det nok mange som har venta på.  Det er nok mange som har venta med å plante ut sommarblomtrane, med tanke på faren for frostnetter.

hagelandGN_1344

Nå er det høgsesong på Hageland Surnadal…. Foto: Jon Olav Ørsal

På Hageland er det alt full trøkk på sommaren, og det har det vore i fleire veker alt. dei dristar seg til å skryte av at dei har Nordmøres størte utval av Rhododendron, og det såg ut til å være sant. Men det var også mange andre sortar, både blomster, planter og busker. No i høgsesongen og heilt ut juli månad er Hageland også ope på søndagar. Opningstida på søndag er frå 12 til 17.  På kvardagar er det 9-18 og laurdagar 9-16.

Eling Talgø er anvarleg for varegruppa hagemøblar, og han fortel at det har vore stor interesse både for store og små grupper. Framover mot pinse rekar han med stor pågang, og vi er klar til å ta i mot kundane, smiler han, men har knappast tid til å være med på eit bilete. Hageland marknadsfører både Hageland sin kolleksjon og Talgøs eigen OutLiving-kolleksjon.

Nedafor har vi lagt ut eit galleri med bilder frå Hageland Surnadal.    Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 19. mai 2014, 10:58