Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Open dag på krigsminnesamlinga på Åsen

Jon Olav Ørsal Måndag 19. mai 2014

Indre Nordmøre forsvarsforening informerer om aktivitetar som skjer den næraste tida. 24. mai skal dei ha open dag på krigsminnesamlinga på Åsen. Det skjer i tidsrommet 12.00 – 15.30, og dei byr da på servering av kaffe og bakels, fortel Olav Jostein Holten. Krigsminnesamlinga held til i den gamle skulen på Åsen.

INF har ei svert god samling av gjenstandar og skrifter frå 2. verdskrig som dei gjerne vil vise fram og som dei trur at mange kan ha stor interesse av å sjå. Dei håpar og at mange veteranar frå NVIO og Brig N kjem innom denne dagen, men håpar og at mange andre tek til Åsen.  Alle er velkomne!

Publisert: 19. mai 2014, 20:00