Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Spennande og fartsfyllt kamp

Elinor Bolme Onsdag 21. mai 2014

Også det lokale G14 laget Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen har spela seriekamp denne veka. Dei møtte i går kveld serieleiar Hjelset/Kleive på Ålvundfjord Stadion. Hjelset/Kleive vann 5-3 mot eit kjempande KUST-lag. Motstandarane var kjappe og gode, men det var likevel ein spennande kamp for dei på sidelinja kan vår utegåande reporter Heid Snekvik fortelje. Og tilbakemeldingane frå bortelaget var at dei hadde hatt sin artigste kamp så langt, med det beste publikumet som laga ei god stemning i Ålvundfjorden. Målscorarar for KUST var Grunde H Hansen, Kevin Anton Brusethaug og Lars Stokke, og det var spela i 9’er formasjon.

Tidlegare har G14 vunne 12-2 over Dahle og 6-2 over Sunndal og tapa 5-2 mot Eide/Omegn. Neste kamp er mot Averøya, på Averøys neste onsdag. Vi ønsker lykke til!

Alle foto Heid Snekvik

Først publisert: 21. mai 2014, 04:00 - Sist oppdatert: 20. mai 2014, 21:43