Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kongebesøket krev litt reguleringar

Elinor Bolme Tysdag 20. mai 2014

Eit besøk frå det Kongelege Slott krev sine førebringar. I den anledning ønsker Surnadal kommune så klart å oppfordre alle som har anledning til å komme til folkefesten på Skei neste torsdag, om å gjere det. Dette innebærer naturlegvis litt administrering, som til dømes avstenging av vegen rundt Kulturhuset, minska parkeringmulegheiter og frakting av skuleelevar og dei eldste barnehageborna i heile kommunen.

Det trafikale er det politiet som har hovedansvaret mellom 13-16, med assistanse frå kommunens teknisk avdeling når det gjeld avstenging av dei berørte områda. Kommunen lyt derfor stenge av 3 områder for ordinær parkering allerede kl 7:00 denne morgonen. Dei felta som ikkje blir tilgjengelege er parkeringa på nedsida av ungdomsklubben, på framsida av kommunehuset, og parkeringsplassen lengst mot vegen mellom Mega og Kulturhuset/Kiwi.  Teknisk sjef Inge Skogheim ber derfor dei som til dagleg respektere desse avstengningane når dagen kjem, og belage seg på ein litt ekstra distanse enn vanleg for å komme seg på arbeid.

PÅ Øye vil heile busshaldeplassen bli kun for bussane som skal frakte alle skuleelevane.

Kommunen har naturleg vis laga utfyllande kart over Skei for anledningat: kart_Kongebesøk

For enda meir informasjon kan vi anbefale Surnadal kommune si eige heimeside: Info kongebesøk

For dei som ønsker å følgje kongeskipets innsegling frå sjøen, er det ikkje komme noko direktiv frå Slottet i følge kommuneleinga. Så her oppfordrast det til sunn folkeskikk; hald avstand og ikkje forstyrr.

Først publisert: 20. mai 2014, 06:00 - Sist oppdatert: 22. mai 2014, 06:06