Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til skytekveld

Elinor Bolme Tysdag 13. mai 2014

Jo Kvande Hansen på Intersport inviterer i samarbeid med Nordskog AS til stor skyttarkveld på Angråmyra i kveld kl 19. Her blir det muligheit for å prøve Browning rifler og hagler for alle interesserte. Nordskog AS er ein av landets fremste våpendistributørar, og Intersport med Jo i spissen er retteleg fornøgd med at dei no kjem til Surnadal for å vise fram produkta sine.

Både Intersport og Surnadal Jeger og fiskeforening stiller med salg av ammunisjon til hagleskyting, mens Nordskog tek med ammunisjonen til dei ulike riflene, for dei som ikkje har med sjølv.

Les meir om produkta på Nordskog AS si eiga heimeside: Nordskog AS

 

Publisert: 13. mai 2014, 07:24