Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgang: Tre vegar i kvart sitt hundreår, det er vegane inn til Todalen.

Vidar Sogge Onsdag 14. mai 2014

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest i Svinvika den 13. mai for å markera Verdens aktivitetsdag. Johs. Vaag, som denne dagen vikarierte for Martinus Torvik, ønskte alle velkomne og fortalde om aktiviteten i Stavganggruppa. Han fortalde at Stavganggruppa vart etablert hausten 2008 og har sidan vore i aktivitet kvar torsdag om våren og ettersommaren/hausten. Dei marsjerer i om lag to timar og avsluttar med niste og kafferast.

Etter gammelvegen - Mange plassar ser vi høge murar på nedsida av vegen. Foto: Vidar Sogge.

Vaag kom også inn på verdien av fysisk aktivitet og styrketrening, og roste aktiviteten til Stavganggruppa. Etterpå fekk varaordførar Lilly Gunn Nyheim ordet der ho ma. minte oss på om turopplegget ”Stikk UT”, som også Surnadal kommune har slutta seg til. Her i kommunen har vi 7 slike turar. Til slutt fortalde Maja Frønes om Svinviks arboret, og Sven Olav Svinvik om turen vi skulle gå. Styret i eldrerådet i fylket var også til stades i Svinvika denne dagen. Dei fleste vart med turleiar Sven Olav Svinvik opp langs Gammelvegen, men nokre tok heller ein runde nede i arboretet. Vi avslutta dagen med graut og bakels. Takk for ein fin dag!

På grunn av kongebesøket blir turen neste veke flytta til Skisenteret på Nordmarka. Fotty: fjellsko eller støvlar. Vel møtt!

Bildegalleri frå arrangementet i Svinviks arboret og frå «StikkUT»- turen etter Gammelvegen.   Alle foto: Vidar Sogge

Publisert: 14. mai 2014, 18:13