Bil med lyset på parkeringsplassen i Svinvika
Ein Ford S-Max med registreringsnummer BS 49219 står på parkeringsplassen for hurtigbåten med parkeringslyset på, har vi fått beskjed om. Kan bli startproblem dersom den blir ståande over natta!
Vi fann 124 artiklar i dette arkivet.
Ein Ford S-Max med registreringsnummer BS 49219 står på parkeringsplassen for hurtigbåten med parkeringslyset på, har vi fått beskjed om. Kan bli startproblem dersom den blir ståande over natta!
Landgangsfartøyet Maursund er forventet til Todalen ca kl 02.30 i natt. Gravemaskiner er da på plass både i Svinvika og Todalen, sammen med teknisk vakt fra kommunen. Går alt etter planen med testing av ilandkjøring osv. kan første tur kjøres fra Todalen kl 08.00, samtidig med passasjerbåten, og neste så snart de er klar for neste tur. Mandag blir en prøvedag, vi setter opp rutetider fra tirsdag, melder Surnadal kommune.
Les heile sakaRammene var perfekte då Tuva Syvertsen og resten av Valkyrien Allstars gikk på scena under Norsk Vandrefestival i Svinviks arboret. Sjølv om det var meldt fare for tordenbyger, var det sola og varmegrader som gjaldt lørdag kveld.
Les heile sakaStyrar ved Todalen Barnehage, Jorunn Nordvik har som fleire i Todalen studert rutebåtavgangar nøye for å få sett opp ein turnus for sine ansatte ved Todalen Barnehage. Så langt er ho ikkje i mål med sine lister med opprinneleg mannskap, då fleire ansatte kjem utanfrå Todalen. På fredagens infomøte fekk ho derimot lovnad på å kunne utvide åpningstida på barnehagens åpningstider, utan at dette gjekk på bekostning av sitt budsjett. Ho fekk også tilbud frå ein tidlegare pensjonert ansatt som kan stille som ekstra i kommande veke for å lette på vaktordningane.
Les heile saka9.000 liter mjølk gikk rett i vasken, eller rettare sagt rett i møkkakjellaren for mjølkeprodusentane i Todalen. Fredag fekk dei beskjed frå Tine om å tømme og reingjere kjøletankane. Måndag kjem mjølkebilen på første turen med landgangfartyet ffor å hente mjølk på gardane i Todalen. Frå måndag blir det altså henting kvar 3. dag igjen.
Les heile sakaRassituasjonen i Todalen har lagt fullt beslag på den redasjonelle staben i Todalen.no dei siste dagane. Heldigvis er ikkje Vandrefestivalen ramma av raset, og går derfor sin gang, sjølv om deler av programmet som skulle skje i Todalen måtte avlysast. Heldig vis har vi hjelpsame sjeler som har ytt bidrag og hjelpt oss med sendig av bilder frå festivalen som starta fredag kveld.
Les heile sakaI kveld er det konsert i Svinviks Arboret med Valkyrien Allstars i forbindelse med Norsk Vandrefestival. Arrangørane gjer så godt dei kan for å tilrettelegge for todalingane, og har fått utvida rutetidene med ein siste avgang frå Svinvika klokka 22 inn til Todalen.
Les heile sakaPer E. Gjeldnes maskin starta fredag ettermiddag arbeidet med å lage skikkeleg veg for landgangsfartyet som kjem til Todalen måndag morgon. Det skjer ved Rossåa settefiskanlegg, på sørsia for utløpet av Rossåa.
Les heile sakaMange frivillige har dei siste dagane stått på for å få Todalen på rett kjøl igjen etter raset onsdag. Mange som uavhengige frivillige, og nokre organiserte som Todalen Sanitetsforening, Røde Kors og det lokale brannkorpset. Og ikkje minst Arnt Ivar Brøndbo som gjekk av si ordinære vakt som ambulansesjåfør rett før raset gjekk, og var dermed i Todalen ulykkesdagen. Han er no ein av dei som er med og bidrar til at folks liv og helse ivaretas i bygda.
Les heile sakaFredag kl 12 var første avgang for skyssbåten frå Todalen til Kvanne. Det er mesta som å skru tida attende til 1950-talet da «dampen» gikk i rute frå Kristiansund og intil endestasjonen som var Nessakaia på Todalsøra i Todalen. Den frakta med seg alle varer inn til Todalen, og frakta med seg varer som skulle «ut i verden» frå Todalen. Denne turen var premiere for skyssbåten som skal gå mellom Todalen og Kvanne i tida framover.
Les heile sakaVi er vant til at kraftforet kjem etter landevegen med bulkbilar frå Norgesfor Røv Mølle. Etter at vegen vart stengt vart dette sjølvsagt eit stor problem, ettersom bøndene i Todalen brukar fleire tonn kraftfor kvar dag. Berre til hønehuset og oksefjøset i Pestua går det rundt 2 tonn kvar dag, året rundt.
Les heile sakaTalgø er no inne i siste ferieveka, og er klare til å starte på ny frisk måndag morgon. Det såg lenge vanskeleg ut for å klare å dra igang igjen på måndag, men etter kvart som løysingane på logistikkproblematikken har kome har det sett lysare ut. Løysinga med landgangfarty alt frå måndag føremiddag gjer at Talgø kjører igang med full drift alt frå måndag morgon. Dagleg leiar ola Magne Nordvik seier at en får nokre utfordringar med tanke på transport av ein del av dei tilsett til Todalen, men at ein har funne fleksible løysinger.
Les heile saka